Photo: Setesdalsmuseet

"So gjekk me kledde i Råbyggjelaget"

So gjekk me kledde i Råbyggjelaget

Råbyggjelaget er eit gamalt namn på dei indre bygder. Ved bruk av tablå vert det fokusert på drakt og kultur frå Bykle øvst oppe til Iveland i sør.

Drakttradisjonen i Setesdal er ubroten. Samstundes som dei siste brukte drakta til kvardags, var det mange som hadde teke dalekleda i bruk til høgtider - konfirmasjon, bryllaup og 17. mai. Difor er det mykje ulikt i detaljane. Fargeval og mø nster endra seg frå bygd til bygd.

Draktskikken var heller ikkje den same i heile regionen. Øvst oppe i dalen, i Fjellgardane, var drakta inspirert frå Telemark. I sør var det kysten og kontakten over Nordsjøen som gav mest inspirasjon. Der var drakttradisjonen i ferd med å smuldre opp då dei første fotografia vart tekne i andre halvdel av 1800-talet. Noko var likevel att, og i monteren vert det vist fram drakter som m.a. har tilhøyrt mor og bestemor til seinare statsminister Jørgen Løvland.

Filmen "Eit anna Setesdal" er ein del av utstillinga, og understrekar at setesdølane også var opptekne av verda rundt seg. Mellom anna hadde dei stor interesse for det nasjonale, og var svært aktive i oppbygginga av nasjonen Noreg for godt 100 år sidan.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to