Skjålykter frå Nordfjord Folkemuseum si samling stilt opp slik at lys skin gjennom dei.
Skjålykter frå Nordfjord Folkemuseum si samling stilt opp slik at lys skin gjennom dei. Foto:Ingrid Berger/Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Skjålykta - med lys gjennom dyrehinne

Skjålykta er ei lykt av tre trekt med hinne frå dyreinnvolar. Skjålykta er vakker i all si geniale einfelde. Blandinga av det råe og det funklande skjøre er fascinerande. I denne artikkelen skal vi sjå nærare på denne eldgamle lyktetypen.

Den praktiske kunnskapen om korleis ein lagde ei skjålykt er, så vidt eg veit, borte. Korleis vart skjålyktene laga, med kva slags dyrehinner frå kva dyr? Og korleis arbeidde dei med hinnene?

Takka vere kunnskapen, nysgjerrigheita og formidlingsgleda til mjølkebonden Aase Ryssdal Sæther, eit fortal* frå far hennar og eit radioinnslag, kjem vi nærare svara på desse spørsmåla.

*fortal = munnleg tradisjon, forteljing (Jordanger 1998, s.63)

"Skjå tyder gjennomskinleg hinne". Ei gamal skjålykt med lys gjennom er vakker å sjå på, men kva dyr og dyrehinne er eigentleg skjåen laga av? Og korleis var arbeidsprosessen frå dyr til ferdig "lykteglas"? NFM.0000-00738 Foto: Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Kva er ei skjålykt?

Skjålykta har skjelett av tre. NFM.0000-02121 Foto: Ulf Palm Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Ordet "skjå", frå norrøn "skjàr", tydar "gjennomskinleg hinne" (ordbøkene.no.), og hinna kjem frå dyreinnvolar.

Skjå vart brukt i staden for glas der ein trong skjerming mot vind og ver, samstundes som lys skulle sleppe gjennom. I tillegg til i skjålyktene vart skjå også brukt i ljoren (røyk- og lysopning i taket på ei stove) og i gluggar i hus.

Ei skjålykt er ei lykt laga av tre, jarn og skjå. «Skjelettet» er av tre: ei topp-plate og ei botn-plate med spilar mellom. Rundt skjelettet av tre er det tredd eller spent skjå, anten rundt heile eller inn mot ein opning på ei side. Handtak og lysehaldar er av jarn. I sentrum av lykta er det plass for lys. Dette er grunnforma. Innanfor dette er det mange variasjonar.

Skjålykta er eldgamal og noko ein hadde på «alle» gardar. I boka «Med lys og lampe gjennom tidene» skriv Albert Steen (1970) at utover på 1600- og 1700-talet kjem glaset i bruk til vindauge både i hus og lykter, men glas var ikkje alltid så lett å få tak i, og det kosta pengar (Steen s.63). Folk trong lys som dei kunne bere med seg, og skjålykta vart laga av det dei hadde for hand på garden utan unødige kostnader. Skjålyktene var vanlege til langt ut i 1800-talet (Grønvik 1975 s.247).

Skjålykter i Nordfjord Folkemuseum si samling

I Nordfjord Folkemuseum (NFM) si samling er det fleire ulike typar skjålykter. Nokre har skjå rundt på alle sider, andre ikkje. Nokre har tilkomst til lys frå sida, andre frå toppen. Skjålyktene er firekanta (har fire spiler), sekskanta (seks spiler) eller åttekanta (åtte spilar).

Skjålykter på DigitaltMuseum

Søk på DigitaltMuseum visar at skjålykter av ulike typar finst i museumssamlingar over store delar av landet. Ein kan prøve seg med litt ulike søk. Treff etter søk både på "sjålykt" og "skjålykt" (s*jålykt) visast i trefflista under. Ein kan også søke på "lykt" og leite seg gjennom treffa og finne skjålykter utan orda "skjå" eller "sjå" i registreringa.

Nokre lykter i treffet under har "sjålykt" som nemning utan at lykta eigentleg er ei skjålykt, men t.d. ei lykt med glas. Ein kollega (Evebø f.1960) hugsa at bestefaren (frå Gloppen kommune i Nordfjord, f.1897- d.1976) brukte ordet "sjålykt" om ei fjøslykt for talglys med glas i. Ordet «sjålykt» vart altså brukt sjølv om det ikkje var brukt skjå frå dyrehinne på lykta.

Eit radioinnslag, eit fortal og ei initiativrik dame

I 2008 prata eg på lokalradioen om ei skjålykt frå Nordfjord Folkemuseum si samling. Eg fortalde at lykta var laga av dyrehinne, truleg magehinne frå ku. Dette hadde eg lese meg til, den gongen.

Aase Ryssdal Sæther (f.1954, busett på garden Ryssdal i Gloppen kommune) høyrde radioinnslaget, og kom på at far hennar (Lars Ryssdal 1911-2004) hadde fortalt at ein lagde lykteglas av "heldene" etter kalvinga («heldene» = etterburden = fosterhinner og morkake). Det vart den lysaste og finaste skjåen, hadde faren sagt.

Aase bur (og budde) på heimgarden med kyr i fjøsen. Ho bestemte seg for, av "rein nysgjerrigheit" som ho uttrykte det, å prøve å lage ei skjålykt av fosterhinna frå ei ku. Ho kontakta oss på museet (NFM), og museet laga "lykteskjelett" i tre etter inspirasjon frå skjålykter i museumssamlinga. Lykteskjeletta fekk Aase til eksperimentet sitt, elles stod ho for alt sjølv.

Etter ei tid, og då ho fekk ei kalving i fjøsen, sette Aase i gong med eksperimentet. Ho tenkte heile tida formidling, og fekk fotografert prosessen. Dei ferdige lyktene med fosterhinne-skjå gav Aase til museet.

Etterburden ("heldene") med fosterhinnene etter kalvefødselen. Aase held opp den hinna som har vore inst mot kalven. Det er denne som skal brukast til skjålykt. Foto: Runar Tafjord (copyright)
Aase Ryssdal Sæther med ferdig skjålykt laga av fosterhinne frå ei av kyrne i fjøsen på heimgarden. Foto: Runar Tafjord (copyright)

Kumage, svineblære, tarmskinn eller fosterhinne frå ku: Kva brukte dei eigentleg som skjå?

Kva hinne frå kva dyr vart eigentleg brukt på skjålyktene? I leksikon og ordbøker i 2008 stod det at skjå særleg var av magehinne frå ku (eller kalv).

I 2024, under skrivinga av denne artikkelen, slo eg opp «skjå» i Store Norske Leksikon (snl.no) att. No stod det «Skjå er en gjennomsiktig hinne, for eksempel magehinne eller fosterhinne av ku eller annet større dyr». Rettingshistorikken på denne artikkelen viser at det er Aase Ryssdal Sæther som sendte inn forslag til endring 5.april 2010 der ho foreslår å ta med fosterhinne i tillegg til magehinne i leksikonartikkelen (snl.no, lese 12.02.2024). Så bra!

At fosterhinne frå ku vart brukt som skjå har eg berre funne i tre andre skriftlege kjelder, der to av dei (Standal 1984 og Grøvik 1975) refererer til ei av dei: "Lys og lysreiskapar på Sunnmøre" av O. Bjørlykke (1950). Bjørlykke skriv:

"Skjå er hinne av kumagen, seier litteraturen. Kan så vera, men her på Sunnmøre var namnet skjå også brukt om den hinna som ligg rundt den nyfødde kalven. Denne hinna tok mor og bestemor vare på og spente ho utover ein vegg til turk. Noko kløyving av kumagen såg eg ikkje heime i barneåra" (Bjørlykke s.12).

Det er berre frå Sunnmøre og i Nordfjord eg har funne fosterhinne frå ku nemnt brukt som skjå. Vart det brukt ulik type hinne til skjå på ulike plassar i landet? Og vart det brukt andre hinner til skjå i lykter enn i ljore/gluggar? Og kor sikre kan vi vere på at opplysingar i skriftlege kjelder og museumsprotokollar stemmer med røynda? Eg har ikkje eigentleg funne fasitsvara på desse spørsmåla.

Kva eigenskapar hinnene hadde, men også kva hinner som var tilgjengeleg, må ha spelt inn for kva som vart brukt. Aase skriv i kommentaren på snl.no (lese 12.02.2024) at den store fordelen med å bruke fosterhinne, er at ein får tak i ei ny hinne utan å måtte slakte dyr. Eitt godt poeng!

I andre skriftlege kjelder og i musea sine gjenstandsopplysingar, er fleire typar dyrehinner nemnt som skjå. Dette gjeld også for Nordfjord. Audun Fitje skriv i ei ordforklaring av "skjå" i "Målføret i Gloppen" (1995) at skjå helst er av tørka kumage (s.298). (Gloppen kommune ligg i Nordfjord).

Albert Steen skriv (1970) at tarmskinn og svineblære vart brukt i staden for glas i ljore og vindauge (s.63). I eitt undervisningshefte laga på NFM om lys og lysstell, skriv Ragnar Standal (1984) at rundt spilane på skjålykta spente dei fosterhinna av ein kalv, «nett som skjåen i ljoren», eller dei kunne bruke ei utspilt urinblære frå eit større dyr (Standal s.14).

Forvirra? Du er ikkje aleine.

Hinner brukt til skjå - ei oppsummering

Eg har freista samle og kategorisere ulike hinner (og nokre ulike skriveformar, eldre eller dialekt) som eg har funne oppgjeve brukt som skjå til skjålykter og ljore/glugger (det kjem ikkje alltid fram om det er til det eine eller det andre) frå ulike kjelder, inkludert frå opplysingar om skjålykter her på DigitaltMuseum.

Blære (blæreskinn, svineblære, okseblære, urinblære frå større dyr).

Mageskinn (magehinne, kumage, «kuvomb», grisemage, «tynnvommi» av slakt).

Fosterhinne frå ku (hinna rundt ein nyfødd kalv).

Tarmskinn

Fiskemage (kveitemage, torskemage, (berre funne om skjå i ljore)).

I "Jølstramålet"(Sunnfjord) skriv Daniel Dvergsdal om tydinga av ordet skjålykt at skjålykta er "laga av skjå, gjennomsynleg innvollshinne på ku eller gris" (1995 s.195). Det kan stemme med oppsummeringa over (sett bort i frå fiskemage) at det var ulike innvolshinner frå ku og gris som vart brukt som skjå. Dvergsdal skriv same stad at "same material vart nytta til å dekkje ljoren, og vi fekk nemninga enj skjå". Kan hende var det slik det var.

På DigitaltMuseum kan ein søke på ulike materialar ein gjenstand er laga av, til dømes eitt søk på «lykt» og ei bestemt dyrehinne. Men kva skjå som var brukt på lyktene er kunnskap som eigar kanskje ikkje lenger hadde då skjålykta kom til museet, og det er ikkje lett å vurdere kva hinne som er brukt berre ut i frå sjølve materialet.

Søk på "lykt" + "kumage" på DigitaltMuseum

Eitt søk på "lykt" + "kumage" på DigitaltMuseum gir nokre få treff som vist under. Det er ikkje sikre opplysingar om kva skjå som er brukt i nokon av dei. Kumage er lagt inn som ein mogelegheit i tillegg til svineblære.

Korleis ser dei ulike hinnene ut?

Til venstre: Aase si ferdige skjålykt av fosterhinne frå ku (NFM.2008-000059). Lykta til høgre er gamal, frå NFM si samling (NFM.0000-0741). Vi veit ikkje kva dyrehinne som er brukt på den gamle, men skjåen liknar på den Aase lagde. Kanskje er det fosterhinne frå ku? Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Ingen av dei gamle skjålyktene vi har på Nordfjord Folkemuseum (vi har 5 med hinne på) har opplysningar om kva hinne frå kva dyr som er brukt til skjå. Vi veit kva lyktene frå Aase sitt prosjekt er laga av, så vi kan samanlikne. Det må takast med i betraktning at ei «brukt» og gamal lykt i tillegg vil ha ein viss «patina».

Lyktene på NFM kan vere laga av ulik type skjå, for hinnene er litt ulike. Nokre hinner er tjukkare og slepp gjennom mindre lys en andre, ein ser blodårer i nokre, ei har ein slags hårete overflate, ei har noko slags prikkar i seg. Men kva som er kva hinne frå kva dyr har eg ikkje nok kunnskap til å slå fast. Kanske lesaren kan hjelpe? Kan skjåen på lykta NFM.0000-00741, som fram står som lysast i mine auge, vere frå fosterhinne?

Hinne med "hårete" overflate

Hinna på skjålykta under er "hårete" på nokre plassar. Kva hinne kan ha vore brukt? NFM.0000-06701

Drøvtyggarmage og kumage på eldre undervisningsplansjar

På DigitaltMuseum finst gjenstandar som kan gje litt meir kunnskap om nokre av dyrehinnene som skal ha vore brukt som skjå.

Kumage (kuvomb) er nemnt fleire stader som skjå. Under er to plansjar med teikningar av ein (først) drøvtyggar-mage (m.a.) ku, geit, sau (deretter) og ein kumage spesifikt. Magen har fleire delar eller utposingar. Kva del av magen som vart brukt til skjå har eg ikkje svaret på.

Fotball og lampeskjerm av svineblære

Under ser du nokre ting laga av svineblære, som også er nemnt som skjå. Blæra under har truleg vore brukt som fotball, og då må svineblærehinna vere sterk. Svineblære-hinne har og vore brukt til lampeskjerm til elektrisk lys. Hinna ser lys og gjennomskinleg ut. Det er ikkje unaturleg ut i frå dette, at svineblære vart brukt på skjålykter.

Aase erfarte: Kva del av fosterhinna var best å bruke?

Kanskje var det også bestemte delar av dei ulike dyrehinnene som vart brukt?

Aase fortalde at, etter litt prøving og feiling, så fann ho ut kva del av fosterhinnene som var best å bruke til skjå.

På første lykta prøvde Aase å bruke det ho kalla "vasskalven". Det er det fyrste som kjem fram under kalvinga, skriv Aase, ei "blære" av tynn hinne med fostervatten i. Hinna frå «vasskalven» gav den tynnaste, klåraste hinna, men hinna var ikkje sterk nok.

Aase forklarte at når denne hinna ("vasskalven") har opna seg, er kalven framleis innpakka i eit hinne-lag til. Kalven ligg nærast i ein stor "brødpose" i kua sin mage (sjå teikning). Denne hinna er betydeleg kraftigare enn «vasskalven», og består av to lag. Det ytste laget er årehinna. Aase drog årehinna og det inste hinnelaget i frå kvarandre. Det er det inste (mot kalven) hinnelaget Aase brukte som skjå til den andre lykta. Di meir ho fekk vekk av årehinna, di klårare vart skjåen, skriv ho, men ho trudde kanskje også at hinna vart svakare då.

Teikninga visar ein kalv i fosterhinne på veg ut. "Vasskalven" (første lykt) er "posen" heilt framme mot fødselsopninga. Heile kalven ligg inne i fosterhinna som består av to lag, det ytste laget (årehinna) fjerna Aase. Frå boka Storfesjukdommer 2003. Ilustratør Ida Skaar (del av større bilete) (copyright)
Dette er den første skjålykta Aase laga av "vasskalven" (ei "blære" av tynn hinne som er det første som kjem ut under kalvinga). Erfaringa var at denne hinna var for tynn, og som vi ser på bildet, gjekk fort i sund. Foto: Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Aase skil årehinna frå den klåre hinna

Aase skil årehinna frå hinna som skal brukast til skjå. Foto: Runar Tafjord (copyright)
Her ser vi fosterhinna fri for årehinne Foto: Runar Tafjord (copyright)

Korleis vart dyrehinnene handsama før bruk?

Korleis arbeidde dei med hinnene frå dei kom frå dyra til ferdig skjålykt i den tid skjålykter var i vanleg bruk? Dette har eg ikkje funne mange opplysingar om.

Det eg har funne skrive er at dyrehinnene brukt til skjå vart tørka. Bjørlykke (1950) hugsa at mora og bestemora spente opp fosterhinne frå ku på veggen til tørk (s.12). Fitje (1995) si ordforklaring av "skjå" i "Målføret i Gloppen" er "gjennomskinleg hinne, helst av tørka ku-mage" (s.298).

Aase visste ikkje noko om korleis det arbeidde med hinnene på førehand, så ho prøvde seg fram. Aase brukte fosterhinna «fersk» etter kalvefødsel i forsøket sitt, og det fungerte bra. Eg veit ikkje om «ferske» hinner vart brukt i eldre tid. Ein kan tenkje seg at det var meir praktisk å tørke hinnene til seinare bruk.

Når ein studerer skjålykter nærare, ser ein at hinnene sit klistra fast til treet og til seg sjølv (i skøyter og ender), og sjeldan er festa på anna vis. Aase fann også ut at fosterhinna naturleg festa seg fast til treet og seg sjølv (sjå bilete). Dei tørka hinnene må ha blitt bløytte før bruk.

Aase skylte hinnene grundig med vatten før, undervegs og etter at skjåen var kome på tre-skjelettet. Ho arbeidde også med å fjerne mest mogeleg av årehinna slik at skjåen vart klårare.

Aase erfarte: Hinna klistra seg fast til treet av seg sjølv

Aase dreg fosterhinne over treskjelettet, og hinna klistrar seg fast av seg sjølv. Foto: Runar Tafjord (copyright)
Aase held fram med å trekke lykta med fosterhinne. Foto: Runar Tafjord (copyright)
Ferdig «trekt» skjålykt med skjå på alle sider, der hinna til slutt klistrar seg fast til seg sjølv. Foto: Runar Tafjord (copyright)
På denne gamle skjålykta er hinna fest til treplata utan anna feste enn at ho er klistra fast. Foto: Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Kva lys brukte dei i skjålyktene, korleis kom dei til lyset og - kor brukte dei eigentleg skjålyktene?

Kva lys brukte dei i skjålyktene? Ivar Grøvik (1975) skriv i «Hjørundfjordboka - Kultursoga I" (Sunnmøre) at: «Dei kunne nytte både kole og talglys i lyktene. I seinare tider vart det vanleg med talglys, men dette kunne vel skifte noko. I ein av dei gamle lyktene på S.M, står det ein tranlampe av stein» (s.248). Ei kole er ei tranlampe. Det er ikkje heilt tydeleg om Grøvik her meiner ei skjålykt, men eg tolkar det slik då dette avsnittet kjem rett etter eitt avsnitt om skjålykt. At kole vart brukt i skjålykter vert bekrefta av Rekkedal (1947). Rekkedal skriv at dei i "eldste tidi" brukte skjålykt med ei kola i (s.150).

S.M. er truleg Sunnmøre museum, då Grøvik i si tid var engasjert i museumsarbeid der (Hatløy, e-post 22.02.2024). Eg fann diverre ikkje ei slik skjålykt med tranlampe av stein i deira samlingar på DigitaltMuseum. Sunnmøre museum kunne ikkje bekrefte at dei har hatt eller har ei skjålykt med kole i samlingane sine (Hatløy).

Det er NFM sine skjålykter eg har studert på nært, fysisk hald. Alle utan ei ser ut til å ha hatt talglys som lyskjelde. Denne eine (NFM.0000-06701) har riktig nok hol midt på botn-plata som kan vere til talglys, men i tillegg er det nokre tre-spilar i sirkel rundt hòlet. Kan sirkelen ha vore til å plassere ei tranlampe (kole) i? Kanskje likna tranlampene brukt i skjålykter på dei av stein (eller jarn) på bileta under?

Talglys vart laga heime på garden i eldre tid av talg (feitt) frå husdyr. Steen (1970) skriv at det helst var lysestumpane eller lys av den ureine talgen dei brukte i skjålyktene (s.63).

Korleis kom dei til lyset inni lykta? Skjålykter der plassen til lyset sit fast i botnplata, må ha ei opning på ei side av lykta slik at ein kjem til lyset. Det er ulike typar opningar på lyktene, men gjerne ein tre-lem eller -dør til å opne utover eller dra oppover. Skjålykter med skjå rundt på alle sider og opning i toppen, har ein eigen løftemekanisme med spiler til å løfte lyset opp til opninga for å kome til som vist på bileta! Ganske så genialt rett og slett!

Kor vart skjålykta brukt? Skjålykta vart brukt utomhus og i uthus som fjøs, løe, stabbur og kvernhus. I fisketida brukte dei også skjålyktene om bord i båtane, skriv Grøvik (s.247).

Korleis laga dei eigentleg talglys av dyrefeitt?

Koleis talglys vart laga "heime på garden i eldre tid" av talg frå dyr, kan artikkelen linka til under gje innsikt i. Artikkelen bygger på erfaringane frå eit praktisk prosjekt med lysestøyping av fåretalg som Østfoldmuseene - Borgarsyssel Museum gjennomførte hausten 2011.

Kva lys brukte dei i skjålyktene og korleis kom dei til dei?

Tranlampe (kole) av stein. Kan den ha vore brukt i ei skjålykt? Frå Sverresborg Trøndelag Folkemuseum FTT.TSM.2106 Foto: Makridis, Dino / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum Attribution-NonCommercial-ShareAlike (CC BY-NC-SA)
Skjålykt frå NFM med rundt hol midt i botnplata med trespiler rundt (nokre er knekt). Har det vore brukt tranlampe (kole) i denne lykta? NFM.0000-06701 Foto: Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)
Tranlampe (kole) av jarn. Koler var i eldre tid brukt i skjålykter. Frå Sverresborg Trøndelag Folkemuseum FTT.08382 Sverresborg Trøndelag Folkemuseum
Denne skjålykta har tre-lem med handtak som kan dragast opp for å kome til lyset. NFM.0000-06701 Foto: Ulf Palm/Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)
Opning i ei side med tre-lem til å dra oppover i spor. NFM.0000-00738 Foto: Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)
Denne skjålykta har hatt dør med skinn-hengslar og tapp i tre til lukking. Det har vore skjå på dei tre andre sidene. NFM.0000-06702 Foto: Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)
Skjålykt med opning i toppen og ein genial mekanisme med spiler til å heve lyset opp til opninga så ein kom til. Opphaveleg var det skjå rundt på alle sider, så ein kom ikkje til lyshaldaren anna enn frå toppen. Lyset her var truleg ein talglys-stump. NFM.0000-00741 Foto: Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)
Slik ser det ut når klossen lyset skal stå i er trekt oppover til opninga i toppen etter eine spila. No kjem ein til lyshaldaren for å setje inn, tenne og slukke lyset. Praktisk! NFM.0000-00741 Foto: Nordfjord Folkemuseum Attribution-NonCommercial (CC BY-NC)

Avsluttande

Korleis ein har laga skjålykter, frå dyr til ferdig lykt, har eg funne lite om kjeldene. Slakting er dei færraste med på lenger, og sjølv om det går føre seg kalvefødslar i fjøs rundt om, vert hinner frå innvolar lite brukt. Laging av skjålykt frå dyrehinner har gått ut av bruk og ut av ei felles erfaringsverd.

Aase Ryssdal Sæther testa i 2010 ut å lage ei skjålykt av fosterhinne frå ku som eitt eksperiment. Aase foto-dokumenterte prosessen for å formidle erfaringane sine videre. Mitt håp er at eg med denne artikkelen kan vere med på å dele hennar kunnskap og erfaringar med enno fleire.

Eg har også forsøkt å samle og systematisere mykje av det eg har lurt på og funne ut om skjålykter her, då ei slik "oppsummering" er noko eg sjølv har sakna. Ambisjonen er ikkje eitt fullstendig oversyn. Det er nok mange som har meir kunnskap enn meg på fleire områder, og som kan bidra med retting og utfylling.

Kjelder

Sæther, Aase Ryssdal (f.1954). Oppvaksen og busett på garden Ryssdal i Gloppen kommune i Nordfjord. Aase laga i 2010 skjålykt av fosterhinne frå ku og fekk dokumenterte prosessen med foto. Fotograf under arbeidet var Runar Tafjord. Teksten på sjølve bileta er Aase sin. Eg eller andre frå museet var ikkje til stades under arbeidet. Aase gav bilet-dokumentasjonen og dei ferdige lyktene til Nordfjord Folkemuseum. Ein stor takk til Aase, også får å ha svart på mange spørsmål på e-post under arbeidet mitt med denne artikkelen.

Hatløy, Håvard Haraldson, ViTi, Sunnmøre museum. E-post 22.02.2024

Evebø, Steinar f.1960, samtalar februar 2024

Internett

Nynorskordboka. Språkrådet og Universitetet i Bergen. https://ordbokene.no/

Det norske akademis ordbok https://naob.no/ordbok/

Store norske leksikon. https://snl.no/

Trykte kjelder

Bjørlykke, O., 1950: «Lys og lysreiskapar på Sunnmøre». Serprent frå Sunnmøre historiske lags tidsskrift 1950. Sunnmørspostens trykkeri.

Dvergsdal, Daniel, 1995: "Jølstramålet", utgjeve av Jølster Mållag, Førde

Fitje, Audun, 1995: "Målføret i Gloppen", Sandane

Grøvik, Ivar, 1975: "Hjørundfjordboka - Kultursoga I", utgjevar Hjørundfjord bygdeboknemnd – Ørsta kommune, Volda

Jordanger, Nils (leiar for nemnda for boka)1998: «Gamle ord og uttrykk frå Breim»

Rekkedal, Christian, 1947: «Stort arbeid ned er lagt – folkeminne frå førre hundradåret», Noregs boklag, Oslo

Standal, Ragnar, 1984: "Lys og lysstell gjennom tidene", emnehefte nr.3, (undervisningshefte NFM), Sandane

Steen, Albert, 1970: «Med lys og lampe gjennom tidene», Det Norske Samlaget, Oslo

Order this image

Share to