Tre generasjonar kalkomnar
Brent kalk er viktig i karbidproduksjonen. Smelteverket har hatt ulike ovnstyper opp gjennom årene. Bildet er tatt fra Røldalsvegen ved Bøgarden. Det viser tre generasjoner kalkovner.
Til venstre ser vi seks tegelsteins Fanehjelmovnar i eit felles bygg, ein gong bygg 15, og til høgre står ein frittståande Fanehjelmovn, ein gong bygg 16. Mellom desse ser vi frå venstre Priest-kalkovnen som var bygg 62 og så tvillingovnane kalkovn I og II, bygg 52 (til venstre) og bygg 51.
Heilt til høgre ser vi litt av Omlastingstasjonen som var ein del av transportløypa for kalkstein, men også der utskilt kalksubb (understørrelsar) vart lasta ut til bruk for mellom anna grusing av vegdekke.
Sprengd ned
Fanehjelmomnane som vi ser her vart reiste då Alby United Carbide Facory Ltd. - Karbidfabrikken - utvida i åra 1912-1914. Dei vart rivne kring 1957 etter at kalkomn I og II vart sette i drift. Omnane vart rivne med hjelp av sprenging, den første i to omgangar med ei ladning midt oppe på omnen og ei i botn. På resten vart det berre plassert ei ladning i botn. Disse sprengingane var reine folkeforlystelsen og på fortauet der Folkabadet er i dag var det samla mykje publikum.
CO2-gass som "tilleggsprodukt"
Den oljefyrte Priest-kalkomnen vart igangsett august 1950 då dei gamle Fanehjelm-kalkomnane trengte avløysing, men også med tanke på levering av nødvendig CO2 gass (koldioksid) til den nye Dicyfabrikken som produserte dicyandiamid. Omnen vart aldri nokon suksess då han var kresen på kalksteinstorleiken og gav mykje finstoff slik at for mykje verdifull stein vart køyrd på Tippen. Allereie i 1956 vart han erstatta av to nye kalkomnar, ovn I og II, som vart leverte av det tyske firmaet "Wärmestelle Steine und Erden". Dei var baserte på "mixed" fyring som gjekk ut på at kalksteinen vart blanda med hard grovkoks.
Ombygd til HC-omnar og fjernvarmeleverandør
Omnane vart seinare ombygde etter amerikanske Union Carbide sin patent til High Capasity (HC) omnar, og kunne då verta fyrt opp med CO gass frå karbidsmelteomnane i tillegg til olja. Denne energien vart tilført på to brennernivå og av den grunn vart omnane bygde på med 3 "etasjeskiller" slik dei siste omnene var før dei vart rivne, der dei to øvste etasjane var brenn-nivåer og det nedste var kjølenivå.
Kjølevatnet herifrå vart i si tid brukt til oppvarming av gågata i Odda slik at denne var snø- og isfri vinterstid.
Elles kan ein merka seg at det i 1956 ikkje var noko beplanting på innsida av gjerdet til fabrikkområdet, men ein flott poppelallé på utsida.