main article image

Minne frå ein krig

99th Infantry Battalion (Separate) var ein bataljon i den amerikanske hæren, men kommandospråket var norsk. Korleis kunne det ha seg?

Under andre verdskrig, i 1942, oppretta den amerikanske hæren ein eigen bataljon med norsktalande soldatar: 99th Infantry Battalion (Separate) - på norsk Bataljon 99.

Målet var å trene offiserar og soldatar for teneste i Noreg i tilfelle invasjon. Det var difor eit krav om at soldatane kunne norsk og gjekk godt på ski slik at dei kunne ta seg fram i det norske landskapet.

Somme soldatar i bataljonen var norske statsborgarar som verva seg frivillig for den amerikanske hæren etter å ha reist til sjøs i nokre år og gått i land i USA, medan andre var amerikanske borgarar med norske anar.

Soldatane fekk opplæring i to år før bataljonen på nærare 1000 soldatar reiste til Europa. Første møte med krig var under landsettinga i Normandie i juni 1944. Bataljonen mista 54 mann og mange vart skada i kampane i Belgia, Nederland, Frankrike og Tyskland.

  1. juni 1945 stod Bataljon 99 æresvakt for Kong Håkon og kongefamilien då dei kom heim til Noreg.

I denne artikkelen presenterer vi materiale frå utstillinga Minne frå ein krig, som var utstilt på Vestnorsk Utvandringssenter frå 2012-2024.

Her møter vi krigsveteran John Pettersen (1915-2016) frå Radøy. Pettersen var sjømann om bord i ein tankbåt i Stillehavet då krigen braut ut. Då skipet la til kai i USA meldte han seg frivillig for den amerikanske hæren. I 1943 vart han soldat i Bataljon 99. Gjennom film, bilete og gjenstandar fortel John om minne frå krigen.

John Pettersen forteljer om opplevingane sine i 99. bataljon

John Pettersen forteljer om opplevingane sine i 99. bataljon

Minne frå ein krig

I dei fleste heimar finst det saker og ting i skuffer og skap som ein tek vare på fordi dei er knytte til ei spesiell hending. Kanskje er det fint utforma bordkort frå ein konfirmasjon, eller ein liten stein frå den fine turen. Det som for andre kan minne om rot, kan for ein sjølv vere eit viktig minne. Men då verken bordkort eller steinar snakkar det vanlege språket vi normalt bruker, treng vi noko å assosiere desse gjenstandane med. Vi kan difor seie at tinga gjerne står som eit symbol på eit minne, og hjelper oss å hugse ei spesiell hending.

Alle minne er ikkje gode, men dei kan vere naudsynte. I mange norske museum kan ein sjå gjenstandar frå andre verdskrig. Det kan vere daglegdagse ting som til dømes fiskeskinnsko og blendingsgardin, saker som var ein del av livet dei fem åra Noreg var okkupert av framande styrkar. Av og til kan ein slik ting skape assosiasjonar, ikkje berre hjå den opphavlege eigaren, men fleire menneske vil kunne ha ei tilknyting til gjenstanden. Historier frå besteforeldre og skulebøker har gitt oss informasjonen vi treng for å gjere ei kopling mellom sko og okkupasjon.

Materielle ting kan såleis bli kollektive minne om til dømes andre verdskrig i Noreg og Europa. Minnet vil heile tida skapast på nytt, når nye auge og generasjonar ser gjenstanden med sine briller.

I denne utstillinga finn du mellom anna eit nytestamente og ein feltspade, gjenstandar som dei fleste av oss kjenner til. I denne samanhengen får dei likevel ein ekstra dimensjon, som gjenstandar etter soldatane i Bataljon 99. Dei er ikkje berre eit nytestamente og ein spade, men objekt som minner om bestemte personar og ei bestemt historisk hending.

Bildesamling

Bilde er og gode utgangspunkt for å fortelje om minne, og her forteljer John Pettersen om nokon av menneska han blei kjend med og opplevingane dei hadde saman under krigen:

John A. Folland (1919-2004) "John var ein av mine aller beste kameratar i bataljonen. Han kom frå Averøy. I 1928 vart han og broren sendte med "Bergensfjord" til Amerika med merkelappar rundt halsen. Foreldra hadde reist i forkant for å skaffe hus og arbeid. Vi møttest då han køyrde brød for bakeri Larsen i Brooklyn. Vi delte alltid telt under krigen og hadde god kontakt også seinare. Eg har vore hundre gangar i huset hans og drukke kaffi og ete småkakar." John Pettersen
William Eric Hegna (1913-1998)
Magnus A. Natås (1905-1945) Kom frå Myking sokn på Lindås. Drog til Bagley i Minnesota i 1929. Døydde under andre verdkrigen i Malmedy, Belgia. Gravlagde ved Myking kyrkjegard i Lindås. Foreldra hans var gardbrukar Arne Martin og Kari Natås på Natås i Lindås.
Leif Lohne
Andreas T. Nelson
Harold K. Hanson (f. 1920) Her 21 år gamal under militærøving på Fort Riley, Kansas. Hansen kom med i Bataljon 99 i juli 1942. "Han var ein god og ordentlig mann. Hansen hadde gått på collage og heldt styr på lønningane våre." John Pettersen
Harald K. Hanson Malmedy, Belgia rett før bataljonen drog i The Battle of the Bulge, 17. desember 1944.
Harold K. Hanson. CO. "A". Rett etter at bataljonen kom til Noreg i juni 1945
Harold K. Hansen (f. 1920) om lag 64 år seinare under eit treff for veteranane frå Bataljon 99 i 2004.
John Pettersen Camp Hale 1943, Colorado
Colonel David E. Pergrin "Colonel var i ingeniørtroppen. Han klarte å sprenge to bruer i Maledy 15-16. desember 1944 - The Battle of the Bulge. Han redda truleg livet vårt." John Pettersen
Peder Engelson Stang (f.1916) Frå Ystebø på Sletta. "Peder var ein stille og rolig mann. Han budde ei stund i Brooklyn før han flytta til Washington." John Pettersen
Erling Nilsen, Larvik "Erling vart hardt skada i armen. Vi fekk straks inn ein "replacement". Erling gjekk skule som urmakar etter krigen og kjøpte ein sølvbutikk i Brooklyn." John Pettersen
Georg Andreas Solend (20.05.1911-04.08.1956)
Peter Hellerud
Kristian Dyngeland (1906-1992) Kristian drog frå Bergen til Peneberton Minnesota i 1927 der han etablerte seg som bonde. Foreldra var gardbrukar Ole og Kari Dyngeland i Fana.   "Kristian var supplykorporal. Hadde vi øydelagt ein uniform, gjekk vi til Kristian som ordna med ein ny til oss." John Pettersen
John Pettersen og Alf Pettersen (1914 - 1987), London 31. november 1943 Alf mista mor si tidleg og vaks opp saman med onkel Hermann og tante Sofia Pettersen som var foreldra til John Pettersen. Dei budde på Sylta på Radøy. Alf flytta seinare til Bergen der han gifta seg med Annie Margrethe. "Då krigen kom, rømte Alf til England og verva seg i dei norske kommandostyrkane. Han var innlosjert privat i Eastbourne. Eg drog på besøk så ofte eg kunne." John Pettersen
Anders O. Muri (27.4.1911-8.7.1993) Kom frå garden Muri i Olden sokn i Innvik prestegjeld. Foreldra var gardbrukar Rasmus og Anne Muri. Til USA med M/S Oslofjord.
Jacob Olsen Eidsvåg (1911-2001) Gift 1942 med Aslaug Klaven (1922-2002). Dei budde saman i New York. Jakob vaks opp i Eidsvåg i Åsane. Foreldra var kommunekasserar og gartnar Anton Martin Olsen og kona hans Bergitte.
Første Platon CO A England 1943 John Pettersen nr. 8 frå venstre fremste rekkje. "Dette bilete vart teke laurdag føremiddag etter fotballen. Eg hugsar andleta til alle". John Pettersen
Soldatar på toalettbesøk i England, 1944. "Dette var for luksus å rekne". John Pettersen
Omaha Beach 21. juni 1944 "Vi låg ute ombord i sjøen i 3-4 dagar og venta på at stormen skulle stilne. Stranda var sikra, så vi berre spaserte i land. Hundre meter frå stranda såg eg ein stor gravplass. Her slo vi leir for natta. Vi heldt fram nordover dagen etter." John Pettersen
Oslo 7. Juni 1944 Kong Haakon har gått i land, og med front rett mot han står Bataljon 99 med vikingskipet på skuldermerket.
Nice 1945 Endeleg - ferie på rivieraen i åtte dagar. Vi levde herrens glade dagar, fekk skoa pussa og høyrde pianomusikk til frukosten." John Pettersen (til høgre på bilete)
Minne frå ein krig Bildecollage gitt i gåve frå Harry O. Nyhus, Edmonds, WA.
Minne frå ein krig Bildecollage gitt i gåve frå Harry O. Nyhus, Edmonds, WA.
Minne frå ein krig Bildecollage gitt i gåve frå Harry O. Nyhus, Edmonds, WA.
Minne frå ein krig Bildecollage gitt i gåve frå Harry O. Nyhus, Edmonds, WA.
Minne frå ein krig Bildecollage gitt i gåve frå Harry O. Nyhus, Edmonds, WA.

Gjenstandar med historie

John Pettersen forteller om feltspaden og vassflaska

Feltspade

"Feltspaden var livsviktig. Kvar kveld grov vi djupe hol som fungerte som seng for natta. Vi tenkte dei store jordhaugane vi laga kunne stoppe ei kule eller to."

John Pettersen

Vassflaske

"Flaska hang alltid i ammunisjonsbeltet. Trekket rundt flaska sikra jamn temperatur."

John Pettersen

Om hjelmen og våpenet US Garand

Hjelm
"Vi bar hjelmen til alle tider og brukte han til og med som vaskefat og toalett."

John Pettersen

US Garand

Nr. 2884188 M1 kaliber 30.
Brukt i krigen av amerikanske styrkar, mellom anna i Europa, 1940-45.

Bajonett med slire

"Bajonetten hang alltid på høgre side i ammunisjonsbeltet. I nærkamp monterte vi bajonetten på geværet."

John Pettersen

Om nyetestamentet og hårklipparen

Det nye testamentet

John Pettersen fekk utlevert dette nytestamentet då han verva seg i Bataljon 99.

"Eg hadde det på brystlomma mi under heile krigen. Eg tenkte det kanskje kunne stoppe ei kule."

John Pettersen

Hårklippar

"Vi klipte oss når det var naudsynt og vi fekk ein sjans. Det var viktig å sjå respektabel ut."

John Pettersen

Om ski og uniform

Ski med stavar og anorakk brukte av Bataljon 99 USA 1944

"Vi var skitroppar"

John Pettersen

Ein stor del av treninga til Bataljon 99 var på Camp Hale i Colorado. Det var meininga at soldatane skulle krige i vinterføre; det var difor avgjerande at dei kunne stå på ski. Her bar soldatane tungt utstyr, lærte seg å takle ekstrem kulde og å manøvrere i ulendt terreng samstundes som dei skulle møte fienden. Fleire av soldatane har i ettertid skildra treninga som ekstrem.

A-merke til uniform

"A-merket på uniform viste at vi var med i første armè." John Pettersen

Infanterimerke

Alle i infanteriet fekk utlevert eit slikt riflemerke til uniforma.
Dette merket har tilhøyrt John A. Folland (1919-2004).

Komplett dressuniform med to luer

Tilhørte Kristian Dyngeland (1906-1992)

Boksopnar

Boksopnar til å opne hermetisk feltproviant.

"Boksopnaren var livsviktig. Då vi var i fronten kom maten i små metallboksar. Til frukost var det eggerøre and bacon, til lunsj eit solid stykke kvitost og til middag fekk vi ei kjøtblanding. Vi fekk òg ein daglig rasjon med 5 sigarettar, toalettpapir og kjeks. Då vi ikkje var i kamp fekk vi kokt mat."

John Pettersen

Identifikasjonsmerke

Desse to merka har tilhøyrt John A. Folland (1919-2004)

"Vi hadde to slike identifikasjonsmerke rundt halsen dag og natt; eitt skulle følgje oss i grava medan det andre skulle heim til dei etterlatne. Vi kalla dei berre dogtags."

John Pettersen

Kven si historie?

Amerikanarane ville at soldatane i Bataljon 99 skulle identifisere seg med landet dei kjempa i, og samstundes vere lojale mot landet dei kjempa for. Men kan ein ha fleire nasjonale tilhøyrsler og identitetar?

I Noreg bruker vi i dag nemningane innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn. Men dette seier ikkje så mykje om kva tilhøyrsle ein sjølv kjenner til Noreg. Nasjonalt fellesskap baserer seg ofte på ideen om ei felles fortid, samstundes som nasjonale media held oppe førestellinga om ein avgrensa nasjonalstat. Situasjonen i USA var ein annan; der var det nettopp menneske med mange ulike bakgrunnar som utgjorde fellesskapet. Mellom dei var personar med norsk bakgrunn.

Under andre verdskrig blei det i USA vedteke at alle utanlandske statsborgarar som hadde immigrantstatus, såkalla «first papers», kunne delta i amerikansk teneste. Dei blei inkludert som ein del av nasjonalstaten USA, sjølv om dei hadde opphav frå andre land. Fleire i Bataljon 99 hadde «firstpapers», medan andre var fødde i USA med norskfødde foreldre – ikkje ulikt dagens innvandrarbefolkning i Noreg. På sett og vis var nordmennene ei av mange etniske grupper i USA.

Ungdom med innvandrarbakgrunn i dagens Noreg og soldatane i Bataljon 99 har kanskje noko til felles: dei har begge ein tilskriven identitet, samstundes som kulturelle praksisar som til dømes språk vil vere ei blanding.

Når vi stiller ut gjenstandar frå Bataljon 99, kan vi spørje oss kven si historie vi eigentleg får sjå. Er det minne frå USA, frå Noreg, om ein norsk kultur eller om ei etnisk gruppe?

Fleire gjenstandar frå denne samlinga

Vi har fleire gjenstandar knytt til 99.bataljon som ikkje er vist i denne artikkelen. Mellom anna kan du sjå den flotte medaljesamlinga til John Pettersen i den digitale samlinga Minne frå ein krig.

Det vil også etter kvart bli tilgjengeleg fleire gjenstandar som for tida er til konservering og førebels ikkje er lagt offentleg i Digitalt museum.

Order this image

Share to