Mønsterark
Mønsterark Gunnar Pedersen A/S

Julebroderi for ein kvar smak

Likar du å brodere? Sjekk ut denne samlinga av mønster til juledukar, løparar og klokkestrengar frå Oslo-firmaet Gunnar Pedersen AS. Mønster til jul og påske utgjer ein stor del av mønsterarkivet, og juleduken står i ei særstilling.

"En riktig festlig juleduk er nok alle nygiftes ønskedrøm for den første julen i eget hjem. Og at det skal være en juleduk som kan skape tradisjon, er nok alle enige om." (Norsk Ukeblad nr. 39, 1965).

I over 70 år selde Gunnar Pedersen A/S (1915-86) broderimønster gjennom butikkar og vekeblad som Allers, Norsk Ukeblad og KK. Firmaet vart ein viktig aktør på den norske marknaden når det gjaldt sal av mønster, garn og broderiutstyr, og fekk etter kvart eit omfattande kundenettverk utanlands. Varemerka Design Gunnar P, Laila og St. Georg har sett preg på norsk broderi og -handarbeidshistorie, men bedrifta er kan hende aller mest kjend for dei mange klostersaum-mønstera den lanserte på 1970-talet.

Eit broderifirma blir til

Gunnar Pedersen Sr. på kundetur, ca. 1930-talet.

Oslo, 1915: Gunnar Pedersen (1890-1962) startar sitt eige firma for sal av broderimønster, -garn og -utstyr. Broderisuksessen skal vise seg å oppta størsteparten av han og sonen, Gunnar Christian Pedersen (1930- ), sine yrkesaktive liv. Etter å ha fullført Otto Treiders Handelsskole får Pedersen i 1907 jobb i Nordisk Industri A/S, eit svensk broderiselskap med dotterselskap i Oslo. Her arbeider han i åtte år, før han i 1915 startar for seg sjølv. Han kjøper ein broderiforretning på Gjøvik der han sel garn og broderiutstyr. I starten teiknar Pedersen sjølv mønster til påteikna dukar og kjøkkensett på kveldstid. Ein gong i veka reiser han til Oslo for å selje desse til manufakturgrossistar. Dette går godt, og året etter har Pedersen etablert eige firma i Skippergata i Oslo, der han sel påteikna broderi direkte til forretningane. I dei tidlege åra vart mønstera ikkje berre selde til spesialbutikkar, men også til landhandlarar og samyrkelag på mindre stadar. Både Gunnar Pedersen sr., og seinare son hans Gunnar Christian, reiste i mange år på kundebesøk rundt om i landet med bil og telt – og dress som arbeidsantrekk. På 1930-talet begynte Pedersen sr. å selje broderimønster til vekepressa, blant anna til Allers Familie-Journal og Hjemmet.

Under krigen låg broderibransjen brakk, utan import av verken garn eller stoff, og valuta-mangelen etter krigen baud på nye utfordringar, då det tok tid å få på plass importløyve. Pedersen kom seg blant anna over kneika ved å drive byttehandlar med norske tekstilfabrikkar. Då problema såg ut til å vare, tok han initiativ til å stifte Norsk Broderiforbund, som skulle arbeide opp mot Handelsdepartementet for å få starte opp att import av tekstile varer. Etter kvart utvikla forbundet seg til ein bransjeorganisasjon med broderiforhandlarar som medlemer. Her diskuterte ein felles problem, stoff og design, og Pedersen og sonen arbeidde mykje med å utarbeide informasjonsmateriale og kurs til forhandlarane.

Snart er det jul igjen...
Vakre duker til julebordet
Sy nisseduk til jul
Det går raskt til jul
Reklamefoto av brodert festremse med julemotiv, publisert i Norsk Ukeblad.
Julebilder
Reklamefoto av brodert juleløpar, publisert i Norsk Ukeblad. Sydd med moulinegarn på lin.
Morsom juleduk
Per spillemann
Julebrikker

Samarbeid med vekeblada

På 1950-talet leverte bedrifta mønster til både Norsk Dameblad, Det Nye og Norsk Ukeblad, og seinare også Allers og KK. Norsk Ukeblad presenterte nye mønster frå Gunnar Pedersen A/S på «Spinnesiden» kvar veke, og firmaet hadde ofte mønster inne på «Mønster og stoff i ett»-sidene i Allers og KK. Mot slutten av 50-talet begynte bedrifta også å levere utstillingsmodellar til brodeributikkane. Dette var arbeidskrevjande, og firmaet knytte til seg mange ‘brodøser’ rundt i landet som sydde utstillingsmodellar for dei. På det meste hadde selskapet 200-300 «brodøser», og to tilsette med ansvar for modellproduksjonen. På 1960-talet vart delar av dette arbeidet flytta utanlands, til Madeira (1966-72) og Mauritius (1972-87). Seinare var det kvinner som hekla for firmaet på Manila (frå 1977), og nupereller på Sri Lanka (frå 1980).

Generasjonsskifte og eksport

Ein ung Gunnar Christian Pedersen på showrommet i bedrifta, ca. 1968. Ukjend fotograf

Då Gunnar Pedersen Sr. døydde i 1962, tok sonen Gunnar Christian over firmaet. Sekstitalet førte med seg ei større satsing på eksport, og arbeidsmengda vart såpass stor at bedrifta utvida designavdelinga. På 1960- og 70-talet var det 6-7 tilsette som produserte mønsterplansjar under varemerket Design Gunnar P. Bedriftslokala i Prinsens gate 7 vart for trange, og design- og plansjeavdelinga vart flytta til toppetasjen i Sjøfartsbygningen i Kongens gate. I 1968 flytta heile bedrifta til Østerdalsgaten 1, der rundt ti mindre bedrifter gjekk saman om å kjøpe dei tidlegare lokala til Sætre Kjeksfabrikk. Seinare utvida ein til å disponere om lag 2 000 kvm i desse lokala. På denne tida hadde firmaet på det meste 75 tilsette.

Eksportoffensiven starta med den skandinaviske marknaden: selskapet oppretta kontakt med damebladet Hennes Verden i Danmark, og Allers, Hjemmet og postordrefirmaet Ateljé Margaretha i Sverige. Seinare selde dei også mønster gjennom britiske Woman’s Realm og Woman’s Own, amerikanske Better Homes and Gardens, det franske postordrefirmaet 3 Suisses, og belgiske Femmes d’Aujourd’hui. Dei arbeidde også hardt for å få produkta sine representert i katalogane til The Needlewoman Shop, som hadde eit stort utsal i Regent Street i London frå 1928-85. Nokre av dei omreisande seljarane starta etter kvart eigne selskap utanlands som vidareformidla design og kunnskap frå Gunnar Pedersen A/S: i København og Herning i Danmark, Gøteborg i Sverige og i Tyskland. I USA vart selskapet Ports of Scandinavia oppretta, med hovudkvarter i Litchfield, Minnesota – eit stykke frå Minneapolis.

Representantar for bedrifta selde også mønster til broderispesialistar og såkalla «Scandinavian Shops» i USA, spesielt i Midtvesten og på vestkysten. Bedrifta hadde eit nært og bevisst forhold til norsk-amerikanarar, og reklamerte mykje gjennom utvandrarforeininga Sons of Norway.

Klargering av broderipakkar hos Design Gunnar P, ca. 1973. Ukjend fotograf

Nedgangstider

I følgje Pedersen begynte firmaet for alvor å merke nedgangen under strikkemoten på 1980-talet. Bedrifta prøvde å følgje svingingane i tida ved å både levere strikkemønster og bruke dei nye strikkegarna i nye typar broderi, men til sjuande og sist vart det ikkje lønsamt. Det var dårlege tider for broderibransjen. Gunnar Christian vart seinare sjuk, og firmaet vart nedlagt i 1986. Men interessa for handarbeid var der framleis, og allereie i 1989 starta han og kona Inge opp ei postordrebedrift i hennar namn. Her fortsette dei å selje mønster gjennom Familien og Hjemmet, blant anna gamle påteikningsmønster til kjøkkensett. Inge og Gunnar heldt på med postordresal heilt fram til 1999, då firmaet vart avvikla etter fleire travle år.

Les meir på: https://ntmbroderi.wordpress.com/

Kjelder: Intervju med Gunnar Christian Pedersen (2008, 2011) og andre tidlegare tilsette (2011), tekst av Ellen Sjursen om Gunnar Pedersen (Sr.) og materiale frå bedrifta i samlingane til Tekstilindustrimuseet, Museumssenteret i Hordaland.

Share to