Salhus med den første fabrikkbygningen frå 1859 til venstre i biletet.
Salhus med den første fabrikkbygningen frå 1859 til venstre i biletet. Ukjend

Salhus Tricotagefabrik: ein av dei første norske trikotasjefabrikkane

Velkommen til Salhus: gjestgivarstad og industrisamfunn like nord for Bergen. På det meste var det tre tekstilfabrikkar her med rundt 700 tilsette. Men då Philip Christian Clausen og fargemeister Johan Ernst Christian Ramm leiger grunn i Salhus for å starte tekstilfabrikk, er det knapt eit hus å sjå.

Etablering

Salhus Tricotagefabrik vart etablert i 1859. Eit festebrev datert 12. august 1859 viser at slesvigarane Philip Clausen og fargemeister Johan Ernst Christian Ramm leigde grunn av Søren Hammer i Salhus, og på tomta blei det sommaren 1859 sett i gang bygging av fabrikklokale. Firmaet heitta då «Firma J. Ramm & Clausen», og produksjonen i fabrikken i Nordre havn i Salhus blei sett i gong allereie same hausten.

Salhus Tricotagefabrikk sett frå sjøen, mellom ca. 1880-1895. Salhus Tricotagefabrik i Salhus omkring 1880. Heilt til høgre er kolhuset der kolskutene la til. Kolet blei heist opp i tønner til 2.etasje, der det blei tømt over i trillebårer og køyrt til kolbingen. Museumssenteret i Hordaland Public domain mark (CC pdm)
Salhus Tricotagefabrik i 1912. Museumssenteret i Hordaland Public domain mark (CC pdm)
Salhus Tricotagefabrikk i 1922. Museumssenteret i Hordaland Public domain mark (CC pdm)
Motiv frå Salhus med Salhus Tricotagefabrik til venstre i biletet, og Salhus Væverier midt i. Museumssenteret i Hordaland (Copyright)
2682 - Nordre Salhus Museumssenteret i Hordaland Public domain mark (CC pdm)
Parti av Salhus Museumssenteret i Hordaland Public domain mark (CC pdm)
Parti fra Salhus Museumssenteret i Hordaland
Salhus Museumssenteret i Hordaland

Produksjon i den tidlege fasen

Gruppeportrett av arbeidarane ved Salhus Tricotagefabrik utanfor Bergen, i 1893. Disponent Phillip Christian Clausen og son hans Emil Clausen i midten av biletet. Ukjend

Fabrikken blei starta som ein trikotasjefabrikk, det vil seie at fabrikken produserte strikka metervare som vart sydd til ferdige klede. Mellom 1865 og 1888 var arbeidsstokken på rundt 50-60 personar. I starten var produksjonen ganske enkel, etter dagens standard. Fabrikken kjøpte ferdigspunne garn frå Arne Fabrikker, før den etter nokre år fekk eigne spinnemaskiner. Strikkemaskinene var såkalla rundstolar, drive med sveiv og handkraft. Kardemaskinene blei drivne av dampmaskiner, medan spinnemaskinene var halvautomatiske. Spoling og tvinning blei utført på rokkar. Vasking og etterbehandling var òg manuelt arbeid, men fram mot slutten av 1860-åra kom det reimdrift på vaskemaskinene. I etableringsfasen var det vanleg at syerskene måtte ha sine eigne symaskiner for å få arbeid på fabrikken. Men allerede i denne tidlege fasen var det både tekstilproduksjon og konfeksjonering, og det blei fort eit flertal av kvinner blant arbeidarane, sjølv om det i starten var flest menn i fabrikken. Det blei tidleg bygd arbeidarbustadar for arbeidarane i trikotasjefabrikken. Tettstaden vaks, og i 1875 budde rundt 200 personar i Salhus.

Konkurs og reorganisering

Uheldige investeringar i andre føretak førte til konkurs i 1888. Maskiner, anlegg, arbeidarbustadar, skulebygg og direktørbustaden vart lagt ut for sal. Etter dette blei verksemda omorganisert som eit aksjeselskap med Philip Clausen som disponent og etter kvart som dominerande eigar. I 1894 etablerte den eldste sønnen til Philip Clausen – Jürg Clausen – Salhus Væverier som ei sjølvstendig bedrift. Bedriftene var imidlertid to ulike føretak, og Salhus Væverier dreiv berre med stoffproduksjon og hadde ein mindre arbeidsstokk enn trikotasjefabrikken.

I 1888 blei det vi i dag kjenner som Salhus Tricotagefabrik formelt etablert. Fabrikken sette då i gang med å modernisere produksjonsutstyret og anlegget. Det blei investert i nye maskiner og etter 1900 og utover på 1910-, 1920,- og 1930-talet blei fabrikkanlegget utbetra og bygd ut. I løpet av 1920-talet blei dei fleste maskinene drivne av elektromotorar. På same tid blei det bygd nye arbeidarbustadar nær fabrikken, for å løyse bustadproblemet som kom av veksten i produksjonen og auka tal på tilsette frå slutten av 1890-talet og utover starten på 1900-talet. I 1920 arbeidde rundt 140 menneske ved fabrikken, i 1930 hadde fabrikken mellom 190 og 200 tilsette, og tidleg i 1940 var det nesten 290 tilsette ved fabrikken.

Arbeidsliv ved Salhus Tricotagefabrik i Salhus, Bergen i 1976. Arbeidar ved selfaktor (spinnemaskin) i 1900-bygget ved Salhus Tricotagefabrik.
Arbeidsliv ved Salhus Tricotagefabrik i Salhus, Bergen i 1976. Arbeidar ved selfaktor (spinnemaskin) i 1900-bygget ved Salhus Tricotagefabrik.
Arbeidsliv ved Salhus Tricotagefabrik i Salhus, Bergen i 1976. Kardemaskin i 1900-bygget på Salhus Tricotagefabrik.
Arbeidsliv ved Salhus Tricotagefabrik i Salhus, Bergen i 1976. Kvinne arbeidar ved spolemaskin i 1910-bygget på Salhus Tricotagefabrik. T.v: Magda Sellevold
Arbeidsliv ved Salhus Tricotagefabrik i Salhus, Bergen i 1976. Arbeidar ved strikkemaskin på strikkeloftet ved Salhus Tricotagefabrik.
Arbeidsliv ved Salhus Tricotagefabrik i Salhus, Bergen i 1976. Syersker på ein av sysalane på Salhus Tricotagefabrik.
Arbeidsliv ved Salhus Tricotagefabrik i Salhus, Bergen i 1976. Samanlegging av sokkar. F.v.: NN, Magda Sellevold.

Produksjonslinja

Spinnemaskin Rieter

Produksjonslinja gjekk frå ullmottak, vasking av ull, farging, karding, spinning av garn, spoling, og vidare til strikking av stoff. Deretter ble stoffet skore til, sydd saman, kontrollert og pakka. Fabrikken produserte strømper, undertøy, genserar og fritidsklede for kvinner og menn. Kleda var av både ull og bomull. Dersom ein skal anslå noko om mengda ulltøy samanlikna med mengda bomullstøy, blei det i 1930 produsert 80 000 kg trikotasje i ull og halvull, og 140 000 kg trikotasje i bomull. I 1939 blei det òg produsert 80 000 kg trikotasje i ull og halvull, medan bomullsproduksjonen hadde stige til 210 000 kg. I 1950 var det òg mest bomullsprodukt som blei laga ved fabrikken, rundt 110 000 kg ullvarer og 185 000 kg bomullsvarer. Fabrikken etablerte Krone-merket på 1930-talet, og Krone Maco undertøy blei ein av fabrikkens mest kjende merkevarer.

Sett kronen på verket!

I si levetid har Salhus Tricotagefabrik produsert alt frå langt ullundertøy til stringtruser, islenderar og sportstøy. Herreundertøy i ull og bomull, ullsokkar og -genserar var lenge kjernen i produksjonen. I 1925 registrerer fabrikken det som skal bli det mest kjende merkenamnet: Krone Trikotage. På 1930-talet kjem undertøy i merke som Krone Opal, Lino, Sefyr, Sakel, Asjur og Olympic på marknaden, og namn som minner om edelsteinar: Rubin, Safir, Agat og Topas. Solid bomullsundertøy i egyptisk maco-bomull - Krone-maco - blir eit populært produkt, saman med "vinter-maco" med frotté på innsida. Her er noko av det som blei produsert ved trikotasjefabrikken i Salhus:

Genser Salhus Tricotagefabrik
Emballasje
Stillongs
Singlett Salhus Tricotagefabrik
Emballasje
Sokk Salhus Tricotagefabrik
Sokk Salhus Tricotagefabrik
Genser Salhus Tricotagefabrik
Emballasje
Emballasje
Genser Salhus Tricotagefabrik
Genser Salhus Tricotagefabrik
T-skjorte Salhus Tricotagefabrik
Merkelapp
Stillongs Salhus Tricotagefabrik
Underbukse Salhus Tricotagefabrik
T-skjorte Salhus Tricotagefabrik
Bukse Salhus Tricotagefabrik
Brosjyre

Frå storheitstid til krise

1950- og 1960-talet var fabrikkens storheitstid i sysselsetting og produksjon. I oktober 1957 var talet på tilsette ved fabrikken oppe i 360 personar, fordelt på 30 funksjonærar og 330 arbeidarar. Blant desse var det 206 kvinner og 124 menn. Salsverdien av eigen produksjon var dette året på 13 550 546 kroner. Tidleg på 1980-talet kom fabrikken inn i ei økonomisk krise. Grunna salssvikt og auka konkurranse med billigvarer, blei produksjonen i Salhus for dyr. I 1982 blei spinneri- og karderidelen av fabrikken lagt ned, mens resten av fabrikken var i drift fram til 1989.

Nytt liv som museum

Foto: Helge Sunde

I dag held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala til trikotasjefabrikken, og formidlar, forskar og dokumenterer norsk tekstilindustri med fokus på strikka tekstilar, og trikotasjeindustrien på Vestlandet. Fabrikkanlegget er eit nasjonalt industriminne og ein del av Riksantikvarens verneprogram for teknisk-industrielle kulturminne, og blei freda i 2020.

Høyr historier frå liv og arbeid i Salhus

Tøffe tak i trikotasjen Christine Haugsten Ellefsen
"Gå ikke her nedi driten" Christine Haugsten Ellefsen
Gudfaren Christine Haugsten Ellefsen

Les meir

Salhus har vore eit knutepunkt for transport til sjøs langt tilbake i tid.

Share to