Komfyr
Komfyr

Vi som koker elektrisk

På Osterøy fekk dei første heimane elektrisitet i 1918. Dette var nok ei hending som tok merksemda frå det meste anna som skjedde det året, både lokalt og nasjonalt. «Det var dei som påsto at gamle folk vart oppattyngde og at gikta var heller ikkje så plagsam som den brukte å vera» skriv Ragnvald Raknes om då elektrisiteten, eller straumen som dei sa, kom til Raknes seinhaustes 2018.

Introduksjon av elektrisitet har nok vore ein av dei største endringane som har skjedd i norske heimar. Arbeidet med matstell og klesvask vart totalt endra med alle elektriske hjelpemiddel som etterkvart kom. Sjølv om det lenge var vanleg å berre ha ei enkelt lyspære, eller taklampe, i kvart rom, var det stor stas berre å trykke på ein brytar for å få lys og sleppe fylle på olje og parafin. Etterkvart kom det også kokeplater, eller komfyr og andre elektriske hjelpemiddel.

Museumssamlingane speglar også dette – vi finn komfyrar, vaskemaskiner og kjøleskåp på Osterøy museum, som på dei fleste andre lokalmusea. Nokon av apparata er laga av lokale «oppfinnarar», men mange er fabrikkprodukt som har vore like over heile landet. Sjølv om produkta i seg sjølv er dei same overalt så er desse tinga likevel viktige som symbol på den moderne tida og fordi historiene deira representerer ei særdeles viktig hending i lokalhistoria og folk sine minne.

Vaskemaskin med rule frå 1950-talet. Kleda vart rulla før dei vart hengde til tørk.

I dag er kunnskapen kring å bruke elektriske apparat så sjølvsagt at vi ikkje tenkjer på det som ei ferdigheit. Det er del av den moderne tradisjonskunnskapen som vi lærer heime, eller via Internet. Men for dei som var vane med å koke med vedfyring var det ikkje sjølvforklarande korleis ein skulle bruke dei nye apparata og framleis få godt resultat på kjøkkenet. Norske elektrisitetsverkers forening heldt difor kurs i bruk av ulike «elektrisitetsvarer». «Det er hundrevis av ting angående elektrisiteten som husmødrene gjerne vil få beskjed om» skriv Gerd Wiborg Thune innleiingsvis i boka «Vi som koker elektrisk» (1942).

Komfyr frå samlingane på Osterøy museum.

Både boka og kursa hadde som mål «å gi husmødre råd og vink, så de kan lære å bruke sine elektriske apparater på en enkel og praktisk måte og derved utnytte sin elektrisitet best mulig.» Boka speglar ei tid der huset var kvinna sitt domene «Ja, sannelig er det morsomt å være husmor i våre dager for den som har et elektrisk kjøkken til rådighet. Alt gjør jo så å si av sig selv.»

Vi kan lese at rett plassering av komfyren i godt lys kan auke arbeidsytelsen med 30-40% i forhold til dei gamle vedfyrte omnane som gjerne sto i mørke krokar ved skorsteinen. Det vert peika på at alt for mange kjøkken framleis kun har ei einsleg naken pære med flat skjerm, som einaste lyskjelda. For dei som skulle ta steget over til å koke elektrisk vert dei rådd til å kjøpe ei solid komfyr; «en komfyr er noe man kjøper sig bare en gang»

Ragnvald Raknes: Då lyset kom til Raknes. Osterøy i soge og samtid 2000.

Gerd Wiborg Thune: Vi som koker elektrisk, Oslo 1942.

Share to