Bygningsstrilen

På midten av 1600-talet tok bønder frå Osterfjorden meir og meir over bygningsarbeida i Bergen. Skogane rundt Bergen var i ferd med å forsvinna, og bygningsstrilane henta tømmer frå skogar på Voss.

Petter Dass si trøystevise til bergensarane etter bybrannen i 1702, er svært tydeleg på at det er strilane frå Osterfjordområdet som skal byggja oppatt Bergen. Dette tyder på at bygningsstrilane allereie hadde etablert seg som dyktige bygningsmenn i Bergen på den tida.

Bygningsstrilane var til Voss om hausten og tinga tømmeret. Tømmeret vart så hogge om vinteren, og fløytt ned til enden av Vangsvatnet om våren. Dette er det som er vorte kalla Vossahandelen. Her tok bygningsstrilane over, men dei leigde bygdefolk til hjelp ned Bolstadelva. Ved Bolstad vart det bygd flåtar av tømmeret, og dei vart utstyrte med segl og årar. Eit par av desse årane kan du sjå oppunder taket på Osterøy museum.

Fløyting av tømmer frå Bolstad til Bergen. Kulturminnestafetten 1997. Foto: Magne Kleiveland

Tømmerflåtane kunne førast heilt til Bergen, og då vart tømmeret teke opp på allmenningane og tilverka der. Men det kunne òg takast inn til lands langs ruta ut Osterfjorden. Då vart tømmerstokkane hogde til og bygninga lafta opp der. Stokkane vart merkte og tekne ned før dei vart frakta til Bergen. Bygningsstrilen sette opp husa med sperr. Etter kranselaget kom bordarbeidsmenna i Bergen og gjorde husa ferdige. Denne ordninga og fordelinga av arbeidet var det byborgarane som ville ha, men dei ufaglærde bygningsstrilane kom likevel ofte på kant med laugsmedlemene i Bergen.

Bygningsbonde frå Osterøy. Trefigur frå 1706 på Bryggen i Bergen. Foto: Magne Kleiveland
Dei tre øksane, eller skantebilene i Osterøy sitt kommunevåpen heidrar dei lange tradisjonane med bygningsarbeid i regionen.
Hordabile til skanting av tømmer i bruk på Osterøy museum. Foto: Sturla Binder
Husskrua vart brukt som ein jekk når tømmer skulle bytast ut i lafta hus. Foto: Magne Kleiveland

Det seiest å ha vore flest bygningsstrilar frå Hosanger, Hamre og Gjerstad sokn. Nokre bygder i Gjerstad gjekk under namnet ”kjerringaringen” fordi mennene var på bygningsarbeid i Bergen og kvinnene måtte driva gardane sjølve. ”Brædn da i bydn?” var eit spørsmål som byfararar ofte fekk då dei kom heimatt til Osterøy. Og: «Va da ei go svea?» Då vart det arbeid til bygningsstrilen.

Glansperioden til bygningsstrilen varde til rundt år 1900. Ei av årsakene til nedgangen var at byggjemarknaden endra seg. På denne tida tok blant anna murhusa over for trehusa i Bergen. I dag vert arbeidet til bygningsstrilen heidra blant anna gjennom dei tre tømmermannsbilene i kommunevåpenet til Osterøy kommune.

Kjelde: Geir Kleiveland: Vossahandel og bygningsstrilar i Bergen

Add a comment or suggest edits

For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to