Skulen i gamle dagar

article image
Photographer: Espen Mills

Korleis kunne skuledagen og kvardagen vere for born på slutten av 1800-talet? Vi tar turen inn i skulestova frå 1891! Her får elevane eit lite inntrykk av korleis skulekvardagen kunne vere for sine tippoldeforeldre.

Maximum attendees

30

Duration

45 min

Time period

Heile året

Cost

Free

Other info

Det er viktig å kle seg etter vêret! Dei antikvariske husa kan vere kalde. Opplys i bestillinga om de ynskjer å ete lunsj på museet. Det er avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa, men vi kan legge til rette for tilkomst. Gje oss beskjed i god tid om de treng tilrettelegging.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 1. - 2. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04) and Norsk (NOR01-06)
  • 3. - 4. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04) and Norsk (NOR01-06)

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 3 - 4

  • utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag
  • samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet

grades 1 - 2

  • utforske og beskrive kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet
  • utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan

Norsk (NOR01-06)

grades 3 - 4

  • utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk
  • skrive tekster med funksjonell håndskrift og med tastatur
  • sammenligne ord og uttrykk i norsk og andre språk

grades 1 - 2

  • skrive tekster for hånd og med tastatur
  • beskrive og fortelle muntlig og skriftlig
  • uttrykke tekstopplevelser gjennom lek, sang, tegning, skriving og andre kreative aktiviteter
  • lytte, ta ordet etter tur og begrunne egne meninger i samtaler

Show competency goals

article image
Photographer: Espen Mills

Pedagogisk gjennomføring

Elevane blir møtt av museumspedagogen, og vi går i samla flokk ned i tunet og til skulestova. Elevane finn plass i dei gamle skulebenkane i klasserommet. Her er det tid for undring, spørsmål og samtale kring det vi ser. Er det noko som er likt det klasserommet dei har i dag? Kva er ulikt? Vi ser på utstyr og materiale som vart brukt som del av undervisninga. Vi ser på alfabetet, ord og skrivemåtar, og andre plansjar som heng i klasserommet.

Til sist får elevane prøve å skrive med tavle og griffel, blekk og penn.

Opplegget kan fint kombinerast med eit besøk i Østenstadstova (ei røykstove med interiør frå 1800-talet) for å gje eit endå betre inntrykk av kvardagslivet på denne tida.

Order form

More school experiences

School
Card Image

Sau i Dalane

Dalane Folkemuseum

Kunst og håndverk Samfunnsfag grades 5 - 7
School
Card Image

Feyer & Fayancemysteriet

Dalane Folkemuseum

Samfunnsfag Kunst og håndverk grades 3 - 4
School
Card Image

Skolen i gamle dager

Dalane Folkemuseum

Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4

Share to