Share to
Kva gjer me når me sjølve eller dei som står oss nær er på det mest sårbare - ved fødsel, sjukdom eller skade? Kva gjorde ein før? Kva kunne ein sjølv gjera, og kven søkte ein hjelp hjå?
Maximum attendees
30
Duration
Ca 3 timar
Time period
Heile året
Cost
Free
Other info
Hugs gode klede i vinterhalvåret. Det er kaldt både ute og inne i husa.
Competency goals
- 8. - 10. trinn: Naturfag (NAT01-04) and Samfunnsfag (SAF01-04)
- vg1: Samfunnskunnskap (SAK01-01)
- vg2: Vg2 helsearbeiderfag (HEA02-04), Historie (HIS01-03) and Sosialkunnskap (POS02-01)
- vg3: Naturfag (NAT01-04), Sosiologi og sosialantropologi (POS04-01) and Historie (HIS01-03)
1800-talet var eit hundreår som førte med seg store endringar: Folketalet dobla seg på kort tid, til dels grunna dei store endringane på helsefeltet. Ved å sjå nærare på ei tid då folkemedisin og offentleg medisin levde side om side, er det mogleg å koma tett på korleis statleg politikk fekk direkte innverknad på menneske sine kvardagsliv.
Pedagogisk gjennomføring
Museumspedagogen møter klassen, og me snakkar litt om dagen. Etterpå går turen inn i dei gamle husa, der me snakkar om levekår i tidlegare tiders bondesamfunn. Fokuset ligg på 1800-talet, men også århundra før spelar her ei viktig rolle. Fokuset ligg heile vegen på dagens tema. Etter dette kan det ofte passa med ein pause.
Me går så inn på museet og ser nærare på utstillinga "Ei tru med alt". Mellom ei mengd magiske gjenstandar finn me både svartebøker, og skakniven "Flusi" som spelar ei nøkkelrolle i eitt av eventyra som vart nedskrive av Asbjørnsen og Moe.
Dagen vert så avslutta med ei oppsummering.