Share to
Det syner seg at sex-turisme har stor utbreiing i vår globale verd. Dette er eit emne som må snakkast om.
Kan me påverke denne utviklinga?
Me drøftar grunnleggjande menneskerettar.
Maximum attendees
30
Duration
2,5 timar
Time period
Veke 6, 7, 8, 21, 23, 25, 27, 29
Cost
Free
Other info
Dette skuletilbodet vert òg arrangert som turne gjennom DKS-Vestland, då får skulen besøk.
Competency goals
- 8. - 10. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04) and Norsk (NOR01-06)
Sex-turisme og menneskerett
Emna
Kroppspress i sosiale samanhengar og sosiale media – usikkerheit kring «kva skal eg gjere og kva skal eg vere med på?» Kvar går mine grenser? Korleis kan me hjelpe kvarandre til å bli trygge i oss sjølv? Kor stor påverknadskraft har influensarar og SoMe på å skape usunne førebilete – «den perfekte kroppen»?
a. NEI = NEI
b. Sosiale media – 42% av unge (13 – 18 år) har fått nakenbilete på nett, til og med frå folk dei ikkje kjenner. Flest jenter. (2020)
c. Norsk lov: Ulovleg å ha nakenbilete av born under 18 år utan samtykke frå vedkomande - §204a: Inntil 3 års fengsel for å produsere og rå over (ha på mobilen) ei framstilling som seksualiserer born under 18 år.
§251: Bot + inntil 2 års fengsel for å true om at bilete blir sendt dersom …
§311: Bot + inntil 3 års fengsel for sending av bilete.
§305: Bot + inntil 2 års fengsel for seksuelt krenkande åtferd mot born under 16 år – i ord eller handling.
Utrydde fattigdom – FN berekraftsmål: innan 2030 utrydde all ekstrem fattigdom.
a. Stor skilnad på rik og fattig i verda – for mange har råd til å kjøpe det dei vil, medan andre må (i denne samanheng) selje seg sjølv (prostituere seg) for å overleve. Dette er synleg på verdsbasis (skilnad mellom u og i–land), men kan det òg vere slik i Noreg?
b. Rusavhengige/innvandring av sex-arbeidarar Smugling av kvinner til Europa, Noreg stor tilstrøyming av nigerianske sex-arbeidarar. Bakmenn organiserer utnytting.
c. Massasjetilbod i norske byar – avsløringar synte at mange av institutta hadde seksuelle tilbod utført av kvinneleg «slavar».
Kvinnesyn – er det lettare å ofre jenter til prostitusjon? Sjølv om tal skilsmisser i Noreg var aukande frå 60-talet, opplevde skilde kvinner å bli sett på med skam. a. Arrangert ekteskap – 10 mill. jenter er i risikosona for å bli gifta bort det neste tiåret. (FN) b. Seksuell vald – ei av tre kvinner i verda har vore utsett for fysisk eller seksuell vald minst ein gong etter fylte 15 år. (FN) c. Utdanning – ein grunnleggande menneskerett, og veldig mange fleire går i dag på skule. Til tross for dette. Kan over 750 mill. i verda ikkje lese og skrive, og 2/3 av desse er kvinner. (FN)
Stigmatisering - kor mange tenker «kjøpebrud» når dei ser «tafatte» norske menn med ei vakker, lita jente frå Asia? a. Fordi dei kjem til «rikdom» og kan betale for familien heime? Og so? Dei kjem frå land som manglar velferdsordningar som sjuketrygd og alderspensjon. I slike tilfelle, er ikkje det då eit val som må respekterast? Norske par inngår òg «fornuftekteskap», der fordel av betra økonomi er hovudargument. b. Kjøp av menneske er aldri ok – kva om dette er ein gjensidig handel? Er det annleis om den eine parten er frå Asia enn frå Storbritannia, Danmark, Italia, USA, Litauen? c. Fordi dei faktisk er glad i kvarandre – har me i det heile rett til å dømme kvifor menneske finn saman? Er det ok å sjå ned på desse kvinnene?
Seksuelle tenester med funksjonsnesetting – «Vår generelle livskvalitet er avhengig av ei folkehelse som ser heile menneske. Difor er det viktig at seksuell helse inkluderast i folkehelsemeldinga» (SRHR-nettverk) Kroppen fungerer ofte litt annleis når du har nedsett funksjon eller ein kronisk sjukdom, men kjensler og tankar om sex og forelsking har dei fleste menneska til felles. (Unge funksjonshemma, ung.no 2021) Ola Schrøder Røyset: «Når media framstiller funksjonshemma so er det enten som offer eller som ein helt som har fått til eit eller anna. Mitt syn er at ingen er helt eller offer. Eg er rett og slett menneskeleg.» «90% av sex-opplevinga handlar om intimitet.» Arne Schrøder Kvalvik gav ut boka: Min fetter Ola og meg 2015. Der fortel Ola at han reiste til Danmark for seksuell teneste, noko som media tok tak i. (Aftenposten, Dagblad, NRK, TV2) «Jeg har bedt til Gud om å bli kvitt min egen seksualitet.» a. Er det berre funksjonshemma som saknar intimitet? b. Er sex og intimitet ein menneskerett? c. Er det greitt å gjere seg nytte av prostitusjon i andre land?
Trafficking – menneskehandel – moderne slaveri FN: rekruttering, transport, overføring, husing eller mottak av personar, ved hjelp av truslar eller bruk av makt eller annan form for tvang, bortføring eller svindel, med hensikt å utnytte. a. Kvinner og born – vert utsett for meir vald frå menneskehandlarar b. Avsløring av menneskehandel – vanskeleg å oppdage c. Verdas 20 rikaste land står for meir enn halvparten av menneskehandelen. I fylgje FN er 50 mill. kvinner, menn og born offer for moderne slaveri. Omtrent 11 mill. menneske utsett for menneskehandel i India. G20 landa; Sveits, Noreg, Japan, Belgia, Irland, Tyskland, Nederland og Danmark blant landa med lågast utbreiing.
Forbod mot likekjønna forhold - LHBT er med på å oppretthalde sex-turismen. Folk legg ferieturar til stader der det er kjent at seksuell omgang med likekjønna er tilgjengeleg;
a. Maspalomas, Gran Canaria sine sanddyner har vore verna sidan 1982 som naturreservat. Kjend kvileplass for trekkfuglar og bustad for kjempeøgler (Gallotia stehlini). Turistane trampar ned sårbar vegetasjon, fjernar plantar og sand for å lage eigne reir, samt etterlet søppel som sigarettar, brukte kondomar, toalettpapir, våtserviettar og drikkeboksar. Jo meir avsidesliggande sex-møteplass, desto meir brukt. Øgler/fuglar kvelte av kondomar. (298 møteplassar registrert mai 2018, samanfallande med lokal Gay Pride-festival) Forskarane understrekar at sex-cruising praktiserast heilt openlyst i Maspalomas, ikkje berre av LHBT-besøkande. Eigne strender i Rio De Janeiro, nær Barcelona, på Mykonos… b. TripAdvisor reklamerer for beste klubbar og barar for homofile
c. Eigne nettstader for «homofilvennlege» reisemål – leit at dette er eit behov i 2023
Religion som maktfaktor – fordømming, forbod og SKAM. Negativ sosial kontroll innanfor religiøse samfunn og på små stader?
a. Jenter skal vere jomfruer - kva med gutar? b. Forbod mot sex før ekteskap – overgrep innan trussamfunn c. Stempelet UREIN/hore – korleis pregar det sjølvbilete?
Internasjonalt arbeid for å avskaffe alle former for seksuell utnytting av born – korleis kan me bidra til å gjere menneske og lokalkulturar trygge i noverande og framtidige reisetilbod?
a. Epcat – det leiande globale nettverket av organisasjonar som arbeider for å utrydde seksuell utnytting av born. Nettverket består av 122 organisasjonar i 104 land. FN sin barnekonvensjon og andre internasjonale standardar dannar grunnlaget for Epcat sitt arbeid. b. Engasjerer næringslivet – og andre ansvarlege i privat sektor til auka innsats for å førebygge seksuell utnytting av born og verne born. (Særleg fokus på reiselivet.) c. Utdanning – Epcat Noreg arbeider for å auke medvitet i det norske samfunnet om ulike former for seksuell utnytting av born og korleis brotverka kan førebyggast.
Forarbeid
Det er fint om lærar les gjennom emna slik at skule og museum kan bli samde om elevane skal delast i grupper og velje kvart sitt delemne, eller om refleksjon og drøfting skal gjennomførast samla. I det høve kan skulen velje eit eller fleire fellesemne.
Pedagogisk gjennomføring
I samråd med lærar, vert det på førehand avgjort om klassen skal delast i grupper. Målsetjinga er å lage einingar der elevane kjenner seg trygge nok til å reflektere og snakke fritt.
50 minutt til introduksjon, og deretter 120 minutt til drøfting og gruppearbeid.