Fortidsmat og framtidsmat

article image

I samarbeid med ViteMeir tilbyr me eit læringsopplegg der du får lære om kva mat dei laga før i tida, korleis dei laga han, og kva matressursar me kan lære oss å nytte for at det skal vere nok mat til den aukande befolkninga på jorda!

Maximum attendees

30

Place

De Heibergske Samlinger, Mannhellervegen, Norge se kart

Duration

180-210 min

Time period

1., 2., 3. og 4. oktober

Cost

Free

Other info

Klassen er halve dagen på museet og halve dagen på ViteMeir.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 3. - 4. trinn: Mat og helse (MHE01-02), Naturfag (NAT01-04) and Samfunnsfag (SAF01-04)

Mat og helse (MHE01-02)

grades 3 - 4

  • bruke reiskap, rom- og vektmål og enkle teknikkar i samband med matlaging
  • utnytte lokale matvarer i matlaging og presentere ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid
  • samtale om måltidsskikkar frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar, og om verdien av å ete saman med andre

Naturfag (NAT01-04)

grades 3 - 4

  • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar
  • delta i høsting og bruk av naturressurser og drøfte hvordan naturressurser kan brukes på en bærekraftig måte

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 3 - 4

  • utforske og presentere samfunnsfaglege spørsmål, søkje etter informasjon i ulike kjelder og vurdere kor nyttig informasjonen er til å belyse spørsmåla
  • utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag
  • utforske og gi døme på nokre sider ved berekraftig utvikling

Show competency goals

I tidlegare tider var det naudsynt å nytte alle ressursar til det fulle, og den viktigaste oppgåva var å skaffe seg det daglege brød.

På museet vil de lære om tidlegare tiders matproduksjon – først og fremst gjennom å sjølve laga mat som «i gamle dagar». Og på ViteMeir får de vere med å lage mat med ingrediensar me ikkje er vane med å bruke i vår kultur.

I begge delane av opplegget er fokuset på berekraftig utnytting av matressursar eit fokus. Samtalar rundt tradisjonar, vanar og kulturar er ein viktig del av opplegget.

Klassen er halve dagen på museet og halve dagen på ViteMeir.

Pedagogisk gjennomføring på museet

  • Oppstart og info. Elevgruppa blir delt i to mindre grupper.
  • Aktivitet 1: Rebus i Indre Sogn tunet og eigenaktivitetar knytt til gardsdrift i eldre tid.
  • Aktivitet 2: Potetkakebaking i Leirmostova
  • Gruppene bytter slik at alle elevane får prøvd alle aktivitetane.
  • Til slutt får elevane smake potetkakene medan me oppsummerar dagen

Lunsj og transport til ViteMeir

Det er mogeleg å gå langs skogsvegen mellom museet og ViteMeir. Eventuelt busstransport med eigen buss.

Resten av dagen føregår opplegget på ViteMeir, der elevane lærer å lage det som kan bli framtidsmat med ingrediensar som ikkje er heilt vanleg, endå!

Potetkakebaking, tradisjonsmat i praksis

Påmelding

Her kan du melde på klassen din

More school experiences

School
Card Image

I gamle dagar

Museumssenteret i Hordaland

Musikk Norsk Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4
School
Card Image

Museumsbuss: Ungdom og identitet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Samfunnsfag grades 8 - 10
School
Card Image

Sex-turisme og menneskerett

Norsk Reiselivsmuseum

Samfunnsfag Norsk Religion og etikk grades 8 - 10

Share to