Museumsbuss: Sild og nervefeber

article image
Photographer: Thomas Bickhardt

Kva er nervefeber, og kva i all verda har det med sild å gjera? Bli med tilbake til perioden 1850 - 1870 og sildefiske i Kinn. Ei tid der fleire jakta på havets sølv og budde som sild i tønne. Korleis var eigentleg levekår, hygiene og kosthald på denne tida? Førebu dykk på ein smak av vassgraut, tørrsild, kolera, lepra og mykje anna i skjønn harmoni.

Maximum attendees

30

Place

Brendøyvegen, 6906 Florø, Norge se kart

Duration

2 skuletimar

Time period

Veke 44-47

Cost

Free

Other info

9. trinn NB! Meld frå eventuelle allergier ved påmelding.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 8. - 10. trinn: Mat og helse (MHE01-02)

Mat og helse (MHE01-02)

grades 8 - 10

  • lage mat frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar og samanlikne og utforske råvarer og matlagingsmetodar som blir brukte i ulike matkulturar

Show competency goals

Museumsbuss for 9. trinn

Dette er eit tilbod til elevar på 9. trinn på skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Les meir om vilkår på denne sida.

Pedagogisk gjennomføring

  1. Oppmøte i kafeen på Kystmuseet. Generell informasjon gis om opplegget for dagen.
  2. Formidlar held eit kort foredrag med bilde- og videovising. Elevane får her ein innføring i folkehelse og kosthald i perioden 1850-1870.
  3. Elevane blir så delt i to grupper:

    Ei gruppe skal lage vassgraut etter gamal oppskrift. Dei blir oppfordra til å smake på grauten. Elevane for også lære seg å rense tørrsild, ikkje minst å smake på tørrsilda. NB! Her må lærar vere aktiv i å veilede og hjelpe elevane.

    Ei gruppe blir med formidlar inn i Båthallen. Der får dei lære om sildefiske på 1860-talet og levekåra på den tida.

    Desse aktivitetane skjer parallelt. Halvvegs bytar gruppene aktivitet.

  4. Om det blir tid etter at alle har vore innom begge aktivitetane, så tek vi ein liten aktivitet til mot slutten.

  5. Avslutning: kort oppsummering og farvel.

Order form

More school experiences

School
Card Image

I gamle dagar

Museumssenteret i Hordaland

Musikk Norsk Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4
School
Card Image

Museumsbuss: Ungdom og identitet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Samfunnsfag grades 8 - 10
School
Card Image

Sex-turisme og menneskerett

Norsk Reiselivsmuseum

Samfunnsfag Norsk Religion og etikk grades 8 - 10

Share to