Våningshuset på Nedre Tem i Sem i Vestfold (Andebuveien 59 i Tønsberg kommune), fotografert fra låvebrua på garden i juni 2024. Bygningen er bygd i flere faser, og den eldste delen...
I andre bind av Arne Bergs verk Norske tømmerhus frå mellomalderen (bind 2, 1990, side 220-223) er våningshuset på Nordre Tem beskrevet slik:
«I den store panelte hovudbygningen p ...
I andre bind av Arne Bergs verk Norske tømmerhus frå mellomalderen (bind 2, 1990, side 220-223) er våningshuset på Nordre Tem beskrevet slik:
«I den store panelte hovudbygningen på Tem i Sem er der innbygd ein gammal bygning med treroms plan. Den gamle bygningen ligg i sørvestre hjørne i den nye. Det vil seia at den gamle bygningen er dugeleg påbygd både i lengd, breidd og i høgd. BVeggene har vorte bordkledde både innvendes og utvendes, slik at lite av dei er synlege.
Men noko er ukledd. Tømmeret i den gamle stua er velvakse. Stokkane har opphaveleg ovalhogne, novhovuda likeeins. Dei er synlege ved den gamle forstua. Hovuda er ikkje særleg lange, og smalnar ikkje frametter. Kva slag Hals der er hogge, er ikkje råd å slå. Anten er nøvene innkledde, eller dei er sparkla og måla så godt at halsen er utilgjengeleg. Men så mykje kan stadfestast: halsen ligg ikkje nedst i stokketverrsnittet. Findalshogget kan ein difor sjå bort frå. Om der er raulandsnov eller ein av dei andre hoggemåtane med halsen høgt i stokketverrsnittet er uvisst.
Det grove tømmeret tyder på at det er hogge etter at stillstandsperioden etter svartedauden var over. Ovalt tømmer med rette hovud har vi fram til 1600-åra. Men så seint er det uvanleg med så grovt tømmer. Det er rimeleg å gissa på at stova er bygd sist i 1400-åra eller tidleg i 1500-åra. Profilering finst ikkje, og ikkje anna detaljering som kunne hjelpt oss. Nærare kjem ein vel ikkje før dendrokronologien kan koma til hjelp.
Gamle syllstokkar ter ikkje. Golva no dekkjer det nedste omfaret. Truleg har det vore stokkar med trapesforma tverrsnitt under dei stokkane vi no ser. Den gamle dørstokken har truleg lege under det som no er golvnivå. Sullstokkane er vel tekne bort i ei omvøle. Stua har dermed vorte lægre. Det er så teke att med å hogga på nye omfar øvst.
Staden for den gamle ytterdøra er tydeleg i grunnplanen. Men høgda hennar er utydeleg, jfr. detalj på neste side. Gammal beitski sit att inngrøypa i veggen og innkledd. Kanskje er ho ikkje den første. På utsida er det merke i veggen som, må tolkast som uthogg for ei eldre dørkledning. Gammal døropning har etter denne nådd ca. 1,40 m over noverande golv. Gammal beitski når óg opp i same høgd. Då gammal dørstokk vart teken bort, miste dei noko av dørhøgda. Dette har dei godt og vel teke attmed å utvida opningen oppetter, godt og vel ei stokkbreidd, som nemnde detalj viser.
Dei to gamle dørene til sjølve stuerommet er det ingen ting att av. Døra til forstua er frå 1800-åra. Og der vi må venta at døra mellom stua og koven (no kalla kammerse’) stod, der er kome opp pipe og brannmur.
Veggen mellom stua og kovepartiet er elles kledd og lista på begge sider. Men i forstua står der så vidt fram eit hjørne av ein stolpe, jfr. Plan. Det må tolkast som ein stokk som har stått mellom dei to gamle dørene, og dessutan hatt grøyp for deleveggen mellom koven og forstua. I gamle treroms stuer plar denne veggen vera sleppvegg, jfr. bd. I, s. 156 f, t.d. av breie, ca. 2 tommar tjukke plankar. Slik kan det godt vera her óg. Tjukna får vi ikkje kontrollert av di veggen er bordkledd mot koven, jamvel fleire gonger. Han er etter vanleg skikk ikkje lafta gjennom veggen som før var den austre gavlveggen. Framleis etter vanleg skikk er her ikkje dør i veggen mellom forstue og kove.
Kvar opphavleg eldstad i stua har vore, veit vi ingen ting om. Om her har vore eldstad midt i rommet, må vi rekna med at han vart avløyst av peis med skorstein, og at peisen har stått i hjørnet ved langveggen mot koven. Der har han ikkje vorte ståande. Ofte var det brysamt å halde taket tett der pipa gjekk opp i mønet. Derfor byter kovedøra og eldstaden gjerne plass. Det er eit omskifte som plar gå for seg frå først i 1800-åra. Slik kan det ha vore her og.
Så innkledd og vel måla som alle veggar er, er det ikkje å venta at ein skal sjå sotsvarte flatyer etter røyk frå open eldstad. Alt gammalt takverk som kunne ha fortalt om eldre røykopning, er skift ut med eit nytt, høgt tak. Raftstokk, stavlægje, som kunne ha sagt kvar den gamle takhøgda var, er også borte.
Det er eit tydeleg skifte i karakteren i tømringa over det 9. omfaret som no ligg, dvs. ca. 3,30 m. over golvet no. Gammal stavlægje kan ha legje oppå her. Med tillegg også for bortkomne syllstokkar får vi ei høgd på langveggen i eldste stua på ca. 4 m. Jfr. tverrsnitta ovanfor.
Bjelkelaget som no ligg over stuerommet, er opplagra på gamle veggstokkar, og har hatt minst fire omfar oppå seg. Dvs. bjelkane er lagde inn ein gong huset heilt eller delvis har vore teke ned, og før veggane vart tømra høgare.
Truleg har stuerommet frå først av vore opent til raustet. Men kovepartiet har vel støtt vore i to høgder. Andre høgda i kovepartiet er noko større enn første: Indre gavlveggen i andre høgda ligg mest 1 m. lengre inn i stuerommet enn veggen i første. I andre høgda var vel veggen heil frå først av, og har kunna bera seg sjølv, og kanskje noko av takvekta. Seinare er han gjennombroten av dør, pipe og brannmur.
Ei trapp har ført opp til koveloftet frå kråa i forstua, der trappa til andrehøgda no er. Den gamle trappa har hatt trin stemde inn i tømmerveggen. Gamle innhogg viser enno. Jfr. tverrsnittet til høgre ovanfor [refererer til teikning i boka]. I rommet der trappa kom opp, har vore ein glugg høgt oppe på ytterveggen, jfr. langsnittet på førre side [ny referanse til teikning]. Det er frå over gluggen at tre og fire stokkbreidder er pålafta.
I stuerommet er no tre vindaugsopningar, i koven ein. Dei er frå nyare tid. Om her har vore eldre opningar og kva form dei har hatt, kan ein ikkje få vita utan å kle av panel ute og inne.»
SubjectVåningshuset på Nedre Tem i Sem i Vestfold (Andebuveien 59 i Tønsberg kommune), fotografert fra låvebrua på garden i juni 2024. Bygningen er bygd i flere faser, og den eldste delen, ei treromsstue som ligger i den søndre enden av bygningen har vært viet spesiell antikvarisk interesse på grunn av sin åpenbart høye alder. Arkitekt og førstekonservator Arne Bergs bygningshistoriske analyse av treromsstua er gjengitt under fanen «Opplysninger». Bergs tekst ble skrevet før stuegolvet ble demontert for arkeologisk utgraving (som blant annet indikerte at det hadde stått en bileggerovn i et av hjørnene i stuerommet) og før det ble gjort en dendrokronologisk analyse som indikerte at tømmeret i den eldste delen av bygningen ble hogd i 1490. Arne Berg skal ha sagt at han var sikker på at tømmeret kom fra Numedal, ikke fra lokale skoger, men dette er ikke nevnt i den trykte teksten hans. Bak gavlen som vendte mot fotografen er det en nyere bygning, sannsynligvis fra 1800-tallet, med grunnplan som er en aning skrått plassert i forhold til den eldste delen av bygningen. Her er det kjøkken og spisestue i første etasje. Mellom treromsstua og den nevnte tilbygningen (bak den kvitmalte døra på bildet) er det passasje, en gang, som fører mot et tilbygg, med to rom, et tidligere kjøkken og et kammers, på den nordvestre sida av bygningen. Bygdetingene for Sem ble lenge holdt på Nedre Tem, sannsynligvis i stuerommet i den eldste delen av denne bygningen.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».