• Portrettfoto av Anton Røstad (1892-1985). Røstad var meteorolog, vitskapsmann og lektor. Han gav ut fleire vitskaplege avhandlingar, laga oppgåvesamlingar i matematikk, og skreiv lærebøker på nynorsk. Røstad skreiv også mykje i Syn og Segn. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
Norsk Allkunnebok, niande bandet, kolonne 782-783
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Anton Røstad

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to