Kiste sett saman av fire tilsagde veggar. Skorne profilliner øvst på begge langsider og langsmed loket på alle fire loksider. Jernbeslag frå topp til botn i alle fire hjørne, midtstilt jernbeslag på framsida av kiste, i overgang mellom lokets korpus og endestykke, og midtstilt på begge kortsider. Enklare utforma beslag i to band på baksida av kista.
Beslaga på framside og lok definerer til saman fire motivfelt, i tillegg til fire motivfelt på kortsidene. Bakside er ikkje måla. Dei til saman åtte motivfelta innehald stiliserte urner, blomer, ranker, roser, prikkar og ein påført tekst, sjå under. Ein legg elles Nils Ellingsgards omtale av det som truleg er målaren av kista, Mikkel Grøndalen eller Kristen Hulbak, begge hemsedalsmålarar, til grunn for beskrivelsen:
Rosemåling i Valdres, side 120-121: "I Vang og Vestre Slidre har 3-4 uidentifiserte målarar arbeidd i det aktuelle tidsrommet. Truleg var Ellingbømålaren ein av dei. Rosemålinga til desse er heller stiv og primitiv og vitnar ikkje om særleg rik målarfantasi. Den eine måla helst grove, klumpete dobbeltrankar i raudt og litt grønt på svart kistebotn tidleg i 1820-åra. Kanskje er det same karen som stundom måla nokre enkle blomformer og rosettar. Skrifta kan tyde på det. Ein annan prøver å kopiere Ola Hermundsson Berge.
Meir spanande er rosene til ein tredje målar, som operer både i Vang og Hemsedal utover på 1820-talet. På skåpdører og kisteframsider målar han store, sterkt stiliserte tulipanblomar som veks frå ein grov S-stengel eller ei urne. Mønsteret på kisteloka er ofte kross-symmtrisk samansett av S-former utan bladverk, kanta med ei tett rad av store runde prikkar. Desse kvite perleradene, som er laga med fingertuppen, brukar han òg langs kanten på skåpfyllingar og listverk. I Hallingdal meiner vi at dette er Hemsedals-måling, anten av Mikkel Grøndalen eller av den aldrande Kristen Hulebak. Truleg var målaren hemsedøl, sidan det finst så mange arbeid av han i Hemsedal, men det kan òg ha vore ein Valdres-målar som år om anna tok vegen over fjellet med målaskreppa si. Slike uløyste gåter finst det mange av i rosemålarsoga".
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».