Part of exhibition
History
-
Frå skiltet på bygningen på Valdres Folkemuseum (2012):
"Løe frå Øvre Fristadplasse, gnr. 57, i Vestre Slidre. Bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. Fôrhus nedst og trev for lauv og anna øvst, med gangbru opp. Øvre Fristadplassen: Frå slutten av 1600-åra, og særleg i tidsrommet 1750–1850, voks det fram eit landbruksproletariat her i landet. Det var husmenn som fekk bruke ein heim, med noko jord til, mot pliktarbeid på den garden som eigde plassen. Denne husmannsplassen er nok av dei større og betre plassane, sjølv om forholda for husmennene i dei øvre fjellbygdene var betre enn på flatbygdene. Innbuet i stogo er tradisjonell med matskåp, bord, seng og peis. Huset inneheld elles livårskleve og vasskleve som også er bu. Over vasskleven er eit lite soveloft. Øvre Fristadplassen var husmannsplass under garden Fristad i Vestre Slidre. Husa er bygd ikring 1750. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1954. På Valdres Folkemuseum er Øvre Fristadplassen plassert som om det var ein husmannsplass under garden Kvie."
Frå Knut Hermundstads handskrevne Husbok for Valdres Folkemuseum (1950-talet):
"Inntil låven på øvre sida var løa. Helst kalla dei ho vønleløa, for det meste foret som dei vandla åt krøteri og bar det over tunet til fjøset som stod mellom stova og stallen, men lenger borte. Det var bygt i 1902, men var nedrotna og låg i røys, så byggemeisteren ville ikkje fllytta det.
Over vøndleløa var trevet. Eit par stokkar låg på skrå frå galden og opp i trevdøri. Over dei var det slege kavlar eller bord, så det vart ei gonge (gangbru) opp på trevet. Her hadde dei lauv og lauvkjerv. Gjennom eit glugg kunne dei sleppa for ned i løa. All avling på Øvre F. plassen bar husmannsfolki inn på ryggen. Huset sette Ola Haugland opp i 1955."
Frå K. Sukke "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2 (1964):
"Fristadplassløa og Fristadplasslåven låg i svært haldande lende (nå på Valdres Folkemuseum). Dette har truleg årsaka at planen er eit brot med det vanlege. Skuld det store fallet i lende, har ein ikkje kunne bygge i så store lengder. Løa har fôrhus og løe nedst og trev for lauv og anna øvst med gangbru opp. Avtrappa nedanfor ligg låven med treskjelåve nærast løa og lobrøtt nedst."
ENGLISH:
Hay barn from Upper Fristad: Cotter’s hay barn from Upper Fristad in Vestre Slidre, built around 1750, rebuilt at the museum in 1954. Hay was stored on the ground floor. A bridge led up to the first floor where leaf fodder was kept. Upper Fristad cotter’s farm: From the end of the 17th century but especially during the period 1750–1850, a farm labouring class came into being. In return for a cabin and a patch of land, the cotter had to do certain work on the farm the cabin and the patch belonged to. Upper Fristad cotter’s farm is one of the larger and better ones, even taking into account that conditions for cotters in the mountain valleys were better than in the more favoured lowland farming districts. The furnishing is traditional, with a food cupboard, table, bed and fireplace. The house also has a smaller bedroom for the elderly people on the farm and a scullery which also serves as a store room. Above the scullery is a small sleeping loft. Upper Fristad place came under the farm Fristad in the Vestre Slidre. The houses were built around 1750. The place was reconstructed at the museum in 1954. It has been placed as if it were a cotter’s farm belonging to Kvie Farm.
FRANÇAIS:
Fenil de Øvre Fristadplasse: Fenil de la ferme Øvre Fristadplasse, à Vestre Slidre. Construit vers 1750 et reconstruit à Valdres Folkemuseum en 1954. Fenil à foin au rez-de-chaussée et combles pour des feuilles etc. au deuxième niveau. Øvre Fristadplassen: De la fin du 17ème siècle et surtout pendant la période 1750–1850, on a vu un prolétariat rural se développer en Norvège. Les tenanciers pouvaient habiter une petite ferme avec un petit terrain contre du travail obligatoire à la ferme dont ils dépendaient. Cette ferme de tenancier est parmi les grandes et bonnes fermes. Les conditions des tenanciers dans les villages de montagne étaient meilleures que celles des tenanciers dans les villages de plaine (au sud de Valdres). Le mobilier de la maison est traditionnel ; garde-manger, table, lit et cheminée. Il y a aussi une chambre et une arrière-cuisine qui servait aussi de remise. Au-dessus de la remise, il y a une chambre sous les combles. Øvre Fristadplassen était une ferme de tenancier dépendant de la ferme Fristad, à Vestre Slidre. Les maisons sont construites vers 1750, et reconstruites à Valdres Folkemuseum en 1954. Au musée, la ferme de tenancier Fristadplassen est placée comme si elle dépendait de la ferme Kvie.
Oppføring: 1750
Gjenoppføring: 1955
Aksesjon: 1953
- Selger til museetFrigstadplassen, Ola O. (1896 - 1978)
- Tilholdssted,Norge Oppland Vestre Slidre Lomen Øvre Frigstadplassen
- Alternative namesOle O. Frigstadplassen
- GenderMann
- Other informationOle O. Frigstad (1896-1978) : Tidligre var registrert livstid for Ole O Frigstad 1896-1978 i denne personposten. Det er nå usikkert hvor disse datoene kommer fra.
- LitteraturreferanseLeriah, O. 1954. "Gåver til Valdres Folkemuseum", Valdres, torsdag 1. april 1954
- LitteraturreferanseHermundstad., K. 1952. "Valdres Folkemuseum får innbu til Frigstadplass-husi", Valdres, lørdag 20. desember 1952
- Litteraturreferanse"Den første husmansplassen- Frigstadplassen frå vestre Slidre - reist på Valdres folkemuseum", Valdres, torsdag 30. juni 1955
- Litteraturreferanse"Valdres Folkemuseums gjestebod for alderspensjonistar ein suksess" Valdres, lørdag 8. juli 1972
- DigitaltMuseumSearch in «Frigstadplassen, Ola O.»
Relation
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
References
-
- LitteraturreferanseK. Sukke "Byggeskikkane i Valdres", Valdres Bygdebok V del 2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVFF.069
- Part of collectionValdres Folkemuseum
- Owner of collectionValdresmusea
- InstitutionValdres Folkemuseum
- Date publishedNovember 27, 2015
- Date updatedApril 25, 2024
- DIMU-CODE021056021105
- UUID2872da41-e153-42c2-8fe0-28cfa847a9fc
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».