Share to
Bli med inn i stovene våre og høyr om førebuingane til jula, og tradisjonane som knytte seg til julehøgtida på 1800-talet.
Maximum attendees
30
Duration
45 min
Time period
Veke 48, 49 og 50
Cost
Free
Other info
Delar av besøket føregår ute og inne i dei kalde husa, så det er viktig å kle seg etter været. Opplegget er satt til å vare ca. 45 min, men vi kan tilpasse etter alder på gruppa. I påmeldinga opplyser de kva tid de har til rådigheit, og om de ynskjer å ete lunsj her. Det er avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa, men vi kan legge til rette for tilkomst i Østenstadstova. Gje oss beskjed i god tid om de treng tilrettelegging.
Competency goals
- 1. - 2. trinn: KRLE (RLE01-03), Mat og helse (MHE01-02) and Samfunnsfag (SAF01-04)
- 3. - 4. trinn: KRLE (RLE01-03) and Samfunnsfag (SAF01-04)
- 5. - 7. trinn: KRLE (RLE01-03), Mat og helse (MHE01-02) and Samfunnsfag (SAF01-04)
Førjulstida er for mange ei tid med gjeremål, forventningar og tradisjonar. På museet får elevane eit innblikk i jul anno 1850, og førebuinga som knytte seg til julefeiringa i det gamle bondesamfunnet på sunnfjordbygdene. Vi besøker den julepynta Østenstadstova, som er pynta slik den kunne sjå ut julekvelden. Elevane høyrer om arbeid, juleskikkar og tradisjonar som høyrde førjuls- og juletida til.
Pedagogisk gjennomføring:
Elevane møter museumspedagogen og vi går i samla flokk til Østenstadstova. Her får elevane sjå ei julepynta stove med lys, mat på bordet og grøn pynt i vindauga. Vi samtalar om tradisjonar, skikkar og folketru. Korleis var det før, og korleis feirar vi denne høgtida no? Er det nokon tradisjonar vi har tatt med oss vidare? Og kva er ein tradisjon?
Etter besøket i Østenstadstova går vi til husmannsplassen og kikkar inn i den julepynta stova til Nils og Marte Movik.
Ei omvising i husa tar ca 45 min. Vi tilpassar økta til barnehage og dei minste trinna. Om det er ynskjeleg kan vi legge opp til juleverkstad der vi lagar papirhjarte og/eller kremmarhus. Opplys om dette i bestillinga, og set av ca 45 min til det i besøket.