Tilbod til barnehagar: Frå ull til tøy

article image

Vi følgjer reisa til ullfiberet for å bli eit ferdig stykke tøy.

Maximum attendees

15

Place

Jølstravegen, Norge se kart

Duration

45 min- 1 time

Time period

Veke 40, 41 (ons.-fre.) og 42

Cost

Free

Other info

Det er viktig å kle seg etter vêret! Dei antikvariske husa kan vere kalde. Opplys i bestillinga om de ynskjer å ete lunsj på museet. Det er avgrensa tilgang for besøkande med funksjonsnedsetting, men vi kan legge til rette for tilkomst i Østenstadstova. Gje oss beskjed i god tid om de treng tilrettelegging.

For 200 år sidan laga mange folk i Noreg framleis sine eigne klede. Å vite korleis ein sanka, karda, spinna, veva, og vidare gjorde råmateriala om til klede, var vanleg og viktig kunnskap.

Pedagogisk gjennomføring

Borna besøker Østenstadstova og får gjennom fotografi, ullprodukt og gjenstandar sjå korleis ulla går igjennom dei ulike prosessane for å bli tråd ein kunne veve og strikke med. Borna får også erfare med kroppen korleis ulla må bearbeidast, då dei skal få prøve å karde ull. Dei får sjå tradisjonelle verktøy for kledeproduksjon og får lære korleis dei fungerer.

Borna skal få kjenne og lukte på ull, og karde den.

Opplegget kan gjerne kombinerast med andre tilbod vi har. Vi har også uteleikar til fritt bruk og Dyreløypa, ein natur- og kultursti med start frå museet. Opplys i bestillinga om dette er noko de ynskjer å benytte dykk av.

Order form

More school experiences

School
Card Image

I gamle dagar

Museumssenteret i Hordaland

Musikk Norsk Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4
School
Card Image

Museumsbuss: Ungdom og identitet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Samfunnsfag grades 8 - 10
School
Card Image

Sex-turisme og menneskerett

Norsk Reiselivsmuseum

Samfunnsfag Norsk Religion og etikk grades 8 - 10

Share to