Share to
Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet like aust for Førde sentrum og er ope heile året, med størst aktivitet i friluftsmuseet i sommarsesongen. Museet har samlingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord og bygg som syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet tilbyr tilrettelagte omvising og formidling, skiftande utstillingar og arrangement.
Om Sunnfjord Museum
Sunnfjord Museumer ei avdeling i Musea i Sogn og Fjordane, og er regionmuseum for kommunane i indre Sunnfjord. Museet ligg i Movika i Førde kommune, like aust for Førde sentrum.
Museet vart opna i 1926 og flytt til Movika på 1950-talet. Som kulturhistorisk museum har Sunnfjord Museum ansvar for dokumentere, bevare, formidle og få fram ny kunnskap om dagleglivet til folket i Sunnfjord gjennom historia. Dette avspeglar også gjenstandssamlinga. Hovuddelen av samlinga reiskap, handverksverktøy, handverksprodukt, klede og andre tekstilar og ulike typar husinventar.
Museet har kring 11 000 registrerte gjenstander og 30 000 kulturhistoriske foto.